Onsdag tapte Hasundgot 2-0 borte mot Hovdebygda. "Bøgda" leia 1-0 til pause og scora det siste målet sju minutt før slutt. Kjetil Kalvatn stod for begge måla. Les referat frå kampen i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

I første runde tapte Hasundgot heile 5-0 heime mot Vigra. Det defensive er altså i betring, men årets første seriemål rett veg kjem tidlegast heime mot FK Sykkylven neste onsdag.

I ein annan 5.-divisjonskamp onsdag vann Vigra 3-0 heime mot Sunnylven/Stranda II. Resten av den andre runden går i dag og laurdag.

*

Også 6.-divisjon Søre er så vidt i gang. Haddal opna med 3-1-tap borte mot Tjørvåg laurdag. Grunna ein teknisk feil kom ikkje referatet på trykk tysdag. Det kjem i neste nummer.

Det var også meininga at Flø og Hareid 2 skulle møtt kvarandre på Høddvoll same laurdag sist helg, men Flø greidde ikkje å stille lag. I morgon møtest Hareid 2 og Haddal på Hareid, medan Flø tek imot Sæbø i Ulsteinvik laurdag.