Ein Ringdal og ei Ringstad fekk best tider under sesongpremieren på den vinterlege landevegsserien "Grimstadvatnet Rundt" laurdag. Nils Ivar Ringdal frå Måndalen vann herreklassa på 27.47, medan Dimna-jenta Maria Ringstad (som fekk hald i siste halvdel av løpet) vart beste kvinne på 32.56.
I Kaldholen utgjorde Nils Ivar Ringdal (fremst) og Joar Moldskred tetpar - 8-9 sekund føre Martin Hauge Nilsen og voldastudenten Henrik Angermund, som vi ser kome like bak. I mål var det litt meir "sjø mellom båtane".