Torsdag var det klart for 3.divisjonskamp mellom Hødd 2 og Surnadal på Høddvoll Kunstgras. Kampen opna med eit spelemessig overtak til heimelaget, som for dagen stilte med kun Eirik Heltne i frå a-stallen.

Resten av laget bestod av juniorspelarar, samt ein guttespelar – eit relativt ungt mannskap altså. Den fyrste målsjansen kom etter åtte minutt. Det var eit skot i frå nærare 40 meter som small i treverket bak unge Alme i Hødd2-målet.

Kontroversiell skåring

Etter langskotet var det lenge mellom høgdepunkta, i alle fall i form av store sjansar. Ingen mål skulle kome før i det 43. speleminuttet, og det var av den kontroversielle sorten.

Ein Høddforsvarar forsøkte å klarere ballen, men ballen gjekk mot mål og keeper Alme tok ballen med henda. Dommaren dømde indirekte frispark og det utnytta bortelaget. Bjørnar Sæter avslutta godt og sende bortelaget opp i leiinga 0-1, som stod seg til pause.

Like etter pause sette heimelaget inn eit stort trykk, noko som resulterte i utlikning etter 51 minutt. Benjamin Mork Kleppe drog seg fri på venstresida og skrudde ballen lekkert i det lengste hjørnet.

To mål frå Engen

Ti minutt seinare var Surnadal dyktige og drog seg fri på høgresida. Framfor målet dukka nok ein gong Bjørnar Sæter opp og breisida inn 2-1 for bortelaget.

Heimelaget likte ikkje dette, og svara med 2-2 berre fem minutt seinare. Eit flott angrep enda med 45-graderspasning ut til Nils Erik Engen som sette ballen sikkert i mål frå fem meters hald.

2-2 såg lenge ut til å bli sluttresultatet, men unge Engen ville det annleis. To minutt på overtid kombinerte nemnde Engen på flott vis med Markus Hjorthaug. Hjorthaug fekk ballen på volley og klinka den i mål i frå 20 meter bak ein sjanselaus keeper.

Les meir om kampen i laurdagsavisa.

Kampfakta

3.divisjon avdeling 9

Hødd 2 – Surnadal 3-2 (0-1)

Høddvoll kunstgras

Om lag 50 tilskodarar

Mål: 0-1 Bjørnar Sæter (44 min), 1-1 Benjamin M Kleppe (51 min), 1-2 Sæther (64 min), 2-2 Nils Erik Engen (70 min), 3-2 Engen (90+2 min).

Heider:

*** Nils Erik Engen

** Eirik Kristiansen

* Eirik Heltne

Innbytar Nils Erik Engen gjorde sakene sine bra mot Surnadal. Foto: Sander Nyland.