G14-laget til Hareid var nære ved å nå finalen, men når alt kjem til alt er ikkje bronse heller så verst. Les meir om laget her.
Fredag blir laget inviterte til ein liten pizzafest på restauranten Napoli på Hareid. Deretter tek dei turen til Hareid stadion. I pausen under 4.-divisjonskampen mellom Hareid og Blindheim skal dei vise fram den store pokalen dei har med seg heim. Kanskje blir det også gåver og talar, skriv fotballgruppa si nettside.
Hareid a-lag spelar forresten treningskamp heime mot Vartdal i dag. Sist veke tapte dei 3-0 borte mot Emblem.