Ertsås fekk strekk i Hødd 2-kampen heime mot Kristiansund 2 måndag, medan Erik Sandal slit med den same kneskaden som gjorde at han måtte stå over bortekampen mot HamKam 11. august (og måtte gå ut mot Sandefjord sist).

– Kneet hovna opp igjen etter kampen mot Sandefjord. Eg prøvde å trene fotball onsdag utan suksess, sa Erik Sandal medan han sat på ein ergometersykkel i solskinet på Høddvoll fredag.

Vegard Heltne trena roleg med ball i går, men er nok ikkje tilbake for fullt før om eit par veker. Fire forfall gjer at Hødd berre har tre utespelarar frå a-stallen mot Stabæk søndag.

– Men dei spelarane vi har tilgjengelege er gode, understrekar trenar Lars Arne Nilsen.

– Beste spissduo

Som trur Hødd får ein tøff kamp på Nadderud.

– Stabæk var gode då vi slo dei her heime i vår også. Det var ein litt heldig siger. Spesielt offensivt er Stabæk gode. Dei har Adeccoligaens beste angrepsduo i Boly og Stokkelien. Brusdal på sida der også er kjapp. Så vi må vere veldig skjerpa bakover. Men det er ein bonuskamp der vi har alt å vinne, seier Nilsen.

Betre enn venta

Etter Stabæk-kampen har Hødd spelt to tredelar av sesongen. Laget vil då ligge anten på kvalifiseringsplass eller like under.

– Har dei to første tredelane av sesongane gått omtrent som forventa, Lars Arne?

– I forhold til poeng har vi gjort det betre enn forventa. Vi har 30 poeng allereie. Dei nye spelarane har utvikla seg veldig, og til saman har vi blitt meir rutinerte enn i fjor. Vi er klokare og slepper inn færre mål. Med tanke på det offensive har vi framleis ein del å gå på. Vi har blitt litt svakare på nokre måtar, sidan vi har mista nokre relasjonar. Men totalt sett har vi gjort det godt så langt, oppsummerer Hødd-trenaren.

– Vi er med

Trass i ein god 2-0-siger mot Sandefjord sist runde understrekar Nilsen at det vil variere ein del utover hausten.

– Om vi ikkje klarer kvalifiseringsplass må vi berre akseptere det. Men vi er i alle fall med no. Og sjølv om alle slår alle i denne divisjonen har vi ein del heimekampar mot ein del av dei venteleg svakaste laga der vi kan ta ein del poeng, seier Lars Arne Nilsen.

Hødd skal mellom anna møte Follo, Ull/Kisa, Strømmen og Elverum på Høddvoll i haust.

Men først er det altså bortekamp mot Stabæk.

Sannsynleg Hødd-lag: Andreas Lie–Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal–Bendik Torset, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes–Eirik Ulland Andersen, Espen Standal, Joachim Magnussen.

Kampstart er sett til 18.00 søndag. Du følgjer som vanleg kampen på vikebladet.no.