- Det vekkjer gode kjensler frå i fjor. Vi er tross alt regjerande meistrar og hadde ei fantastisk reise sist. Så vi ønskjer å vere med så lenge som mogleg, seier Sindre Eid, like etter kampslutt i Bergen.

Hødd vann med eittmåls-margin over 2.-divisjonslaget Åsane, utan at det var mykje å skrive heim om. Første målet kom tidleg i første omgang etter ein noko klønete opptreden av Åsane-keeper Knut Løseth. På den humpete grasmatta feilberekna han spretten, trakka over og gav Hødd-angripar Espen Standal ein gåvepakke av dei sjeldne.

- Det var ganske humpete, så eg bestemmer meg for å ta eit steg tilbake for å passe på spretten. Då trakkar eg over og held på å ramle inn i mål, så eg må berre sleppe ballen, og då kjem eg meg ikkje opp igjen, forklarer keeper Løseth.

Han fekk så vondt av overtråkket at han ikkje eingong la merke til scoringa. Også Espen Standal var litt i tvil om det eigentleg var mål.

- Eg trudde først at ballen allereie hadde vore inne, og vart litt usikker på om eg sparka ballen ut av hendene hans og laga frispark. Så eg berre hæla den inn og ropte ”jadda, det e´mål det”, litt på spøk. Men så var det vist mål likevel, ler Standal.

Han blei då matchvinnar og var nøkternt nøgd med kampen.

- Vi slit litt, men det bikkar vår veg og det er det som er viktig.

Håpar på storkamp

Også Sivert Nilsen på Hødd-midtbana var mest nøgd med resultatet.

- Eg er vel berre delvis nøgd, det viktige er at vi går vidare, det er difor vi er her. Vi skapar ikkje så veldig mykje, men vi burde avgjort kampen før, seier Nilsen som håpar på storkamp heime.

- Det får fram gode minner og vi har ein del å forsvare etter gullet i fjor. Det hadde blitt for dumt å ryke tidleg. No håpar vi på storkamp heime, og det gir kjempemotivasjon.

Godt oppmøte

Også gledeleg for Hødd var det sterke oppmøtet av Hødd-supporterar. Dei var klart overlegne heimelaget både i antall tilskodarar og ikkje minst i reint engasjement.

- Det er heilt fantastisk. Eg må berre få takke Blåsarane - Noregs beste supporterklubb, og no byrjar dei også å bli svært mange. Dei var sterkt delaktige i å drage dette i land, hyllar assistenttrenar Sindre Eid, som gjerne skulle hatt det litt mindre spennande.

- Ja, det er klart at med 1-0 så står spenninga på heilt inn. Vi møter eit godt lag, sikkert blant dei beste i andredivisjon, men vi gjennomfører godt og held nullen, så det er positivt, seier Eid.

No ventar restitusjon og rolege økter, før neste kamp mot Strømmen.

- Vi er i flytsona, og ventar mange kampar framover – vi får berre halde fram med å levere.

Referat Åsane - Hødd.