Stillinga til pause var 2–2. Hasundgot tok leiinga før Hareid snudde, men bortelaget utlikna før halvtid. Ludvig Rasmussen og Runar Stranden scora Hareid sine mål, medan Lars Mork og Eirik Mjønes fann nettmaskene for Hasundgot. 2–2 var greitt nok til pause i ein omgang laga hadde om lag like mange sjansar.

2. omgang vart rolegare. Hareid hadde kanskje ballen mest i midtbaneleddet, men eit ganske fysisk Hasundgot-lag (der vi kjende igjen spelarar som både driv mykje friidrett og basketball elles i året) avgjorde om lag midtvegs i omgangen. Lars Mork banka inn eit frispark frå langt hald. Hareid-keeperen burde nok ha redda, men skotet var hardt. Dermed bortesiger i ein jamn kamp som kunne ha bikka alle vegar.

Hareid har ni poeng etter seks kampar, og har berre att ein bortekamp mot Bergsøy før sommarferien. Hasundgot har sju poeng etter fem rundar, og skal møte både Bergsøy og Tjørvåg heime.

Dei fire beste laga i avdelinga (av åtte) held ifølgje fotball.no 2.-divisjonsplassen til hausten. Det har både Hareid og Hasundgot gode moglegheiter til å gjere, sjølv om det er litt vanskeleg å spå sidan laga i avdelinga har spelt eit ujamt tal kampar (frå tre til seks).

Resterande lag spelar 3.-divisjon til hausten.