Klagen skal opp i Hareid formannskap 10. juni. Rådmannen tilrår å halde fast på tidlegare vedtak – og dermed  avvise klagen.

Pengar å tene

Rådmannen argumenterer med at det ikkje har kome til noko nytt i saka, sjølv om Salmar denne gongen lokkar med at det kan tilflyte kommunen over 5 millionar kroner: Minimum 3,6 millionar kroner ved etablering av to såkalla «grøne konsesjonar» utanfor Brandal og minimum 1,8 mill. kroner ved etablering av ein slik konsesjon ved Teineberget.

«Hareid kommune vil bli tilgodesett med deler av vederlaaget som skal betales vertskommunene», melder Salmar og viser til at Nærings- og Fiskeridepartementet har vedteke at delar av det vederlaget som staten stiller til rådevelde for «grøne konsesjonar», skal gå til kommunar som legg til rette for lakseoppdrett gjennom å stille lokalitetar til rådevelde.

I sakspapira er det ikkje opplyst om dette er eit eingongsvederlag eller noko som vil tilfalle kommunen årleg.

- Ikkje dokumentert

I klageskrivet, som er underteikna dagleg leiar Ingjarl Skarvøy, blir det vist til protestane frå fiskeriinteressene – og blant anna kommentert at det er vanskeleg å forhalde seg til fiskeriinteresser som ikkje er kartlagde:

«Det er ikke kommet noen dokumentasjon i form av kart som viser konkret hvor disse fiskeriene foregår, eller viser hvilket aktivitetsnivå de har (hvor mange fiskere eller båter bruker området, når brukes området mest ... sesongfiskerier o.s.v.», heiter det.

Salmar slår også fast at anlegget i Brandal ikkje vil legge hindringar i vegen for fiske etter krabbe og hummar. Dei hevdar også at dei fleste fiskeriaktivitetane som er nemnde i dei innkomne merknadene, vil kunne halde fram som før.

Dei har heller ikkje erfaringar med at villfisken sin kvalitet blir forringa: «Tvert imot har vi erfart at fiskere gjerne fisker nær våre anlegg».