Hareid er fredag vertskap for ein solid søre-duell når Larsnes/Gursken FK tek den korte turen frå Sande. Laga er naboar både i ytre og på tabellen, der LGFK har fjerdeplassen framom Hareid, men det er berre målforskjellen som skiller laga.

Etter sommarpausen står begge lag med tre poeng på tre kampar. Hareid har slått Langevåg borte, men også tapt mot Emblem og sist mot FK Sykkylven.

Larsnes/Gursken opna andre halvdel med å slå Godøy 4-1 på Larsnes stadion, men står no med to tap på rappen, mot Rollon og Norborg.

Dei to laga har hatt ein nesten identisk sesong så langt. Begge står med fem sigrar, fire uavgjorte og fem tap etter dei første 14 kampane, men LGFK har vore hakket betre heime, medan Hareid har tatt litt fleire poeng borte. Elles har LGFK både scora og sleppt inn litt fleire mål enn Hareid så langt.

I innbyrdes oppgjer mellom Hareid og LGFK har det blitt poeng til Hareid i alle dei tre siste. Tidlegare i sesongen enda det 1-1, medan Hareid vann 6-3 borte mot LGFK sist sesong.