Sparebanken Møre har følgt Karsten Warholm gjennom ei årrekke og har tildelt han GNIST Mørestipend to gonger. Første gong i 2011 og sist i 2014, den gong med hovudstipendet på kr 100.000. No blir det samarbeidsavtale for Karsten Warholm. Avtalen gjelder for 2016, med opsjon for fornying. Det skriv Sparebanken Møre i ei pressemelding.

Vil bidra til idretten

Som fylkets største bank ønskjer Sparebanken Møre å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til idretten i Møre og Romsdal.

– Det er viktig at vi har eit godt aktivitetstilbod i nærmiljøet – og da må vi ha klubbar, lag og organisasjonar som femner breitt. Samtidig er det viktig at vi har eliteutøvarar som er gode rollemodellar og forbilde for å inspirere, dele kunnskap og skape stoltheit. Karsten er eit slikt forbilde, og vi er glade over at vi no kan bidra til at han kan satse ytterlegare, fortel banksjef Nina Holm Sundgot i Sparebanken Møre.

Avtalen mellom Sparebanken Møre og Karsten skal bidra til Warholms elitesatsing og sportslege utvikling. I tillegg skal samarbeidet bidra til å formidle Warholms faglege kompetanse til både elite og bredde i Møre og Romsdal fylke.

Viktig for satsinga

Karsten er godt kjent med Sparebanken Møre, både gjennom tildeling av to GNIST stipend, men også ved at de er samarbeidspartnar for klubben hans, Dimna IL.

– Eg har hatt Sparebanken Møre på klubbdrakta i mange år, og kjenner godt til de. Eg er ekstra glad for at de ser at eg har behov for meir støtte for å klare å ta steget vidare, og er takknemleg for denne avtalen seier ei svært så glad Karsten som for tida nyt nokre feriedagar med familien.

Følgt Karsten

– Vi er svært imponert over det Karsten har oppnådd. Vi følgjer ekstra godt med dei talenta vi treffer gjennom GNIST Mørestipend og jubelen stod i taket når Karsten vann semifinalen under EM, fortel ei engasjert banksjef. Nå gler vi oss til å følgje Karsten vidare i hans karriere som friidrettsutøvar, fortel banksjefen, og ønskjer han masse lykke til.

Karsten Warholm vann nyleg semifinaleheatet sitt under EM i Amsterdam, og kvalifiserte seg til OL i Rio de Janeiro. Foto: Eirik Førde.