Dimna IL kunne ta med seg tre medaljar ut frå stadion etter andre dag av Junior-NM på Bislett i Oslo. Fride Møller Flatin sikra seg sølv i 3000 meter kappgang. Alice Ulla Berg tok sølv på 400 meter, medan Iver Saunes Moldskred sikra klubben ein bronsemedalje i spydkast.

Kastet som gav han tredjeplass var på 59,88 meter, noko som er fem meter lenger enn hans eigen tidlegare rekord og over ein meter lenger enn Dimna IL sin klubbrekord. Det ligg også over kravet til deltaking i Senior-NM

Dimna IL hadde fin start på juniormeisterkapen som tok til på fredag. Fredag kvalifiserte både Caroline Sætre og Johanne R. Kvalen seg til finalen i lengde og Jonas Andre Ose var berre fire hundredelar frå medaljeplass på 100 meter.

På laurdag tok Caroline Sætre 6. plassen på 400 meter hekk med tida 66,68 sek., noko som er ny personleg rekord. Ho blei også nr 10 i lengde. Her tok Johanne RIse Kvalen 11. plassen.

Jonas Andre Ose tok seg til finalen på 200 meter utan store vanskar etter å ha gjennomført forsøksheat og semifinale laurdag. Finalen går søndag.

Denne gjengen frå Dimna IL deltek i helga i Junior-NM i friidrett på Bislett Foto: Arve Hatløy / Dimna IL