NM-gull som Hødd-leiar overgår NM-gull som Molde-spelar for André Nevstad.
- Dette cupgullet betyr mykje for mange. Den helga vi har hatt her med det engasjementet folk har vist er ein siger i seg sjølv. Og så vinn vi finalen på toppen av alt. Det er heilt vilt og vanvittig å vere med på. Vi er stolte og glade, og skal nyte dette når vi kjem heim, smiler Nevstad i samtale med Vikebladet Vestposten.
- Korleis var det å oppleve finalen frå sidelinja?
- Kampen minner litt om den i Haugesund (kvartfinalen). Vi fekk ein litt trasig start, men tida talte vår sak. Gutane viste tæl og guts. Vi var mentalt sterke, sjølv om det ikkje var vår beste kamp offensivt. Å få eit mål imot rett før full tid, og likevel klare straffesparkkonkurranse, og å vinne der, ja det viser mental styrke, seier André Nevstad.
Til Europa
Sidan Hødd er norgesmeistrar får dei til vinteren delta i Copa del Sol, der fleire europeiske storlag deltek. Til hausten ventar spel i Europa-ligaen. Med andre ord ser Hødd-framtida svært spennande ut.
- Der ligg moglegheiter for oss som klubb til å utvikle oss vidare. Det kunne jo ha blitt 2.-divisjon og ein del andre realitetar. No skal vi gjere ting rett, og då er det mogleg å få nye og gode opplevingar, meiner Nevstad.
Størst av alt
Som ikkje legg skjul på at NM-gullet betyr mykje for han personleg også.
- Det er min største dag innan fotballen. Eg har vunne NM-gull med Molde med sko på føtene (1994), men dette er større. Dette er noko heilt spesielt. Hødd er moderklubben min, og klubben til familien, naboar og kompisar. Dette er absolutt noko av det absolutt største ein kan oppleve i fotballen, seier ein svært nøgd dagleg leiar i IL Hødd Fotball.