Det melde Hareid på sine nettsider torsdag. Dagen før skreiv dei at Husøy var ferdig i Hareid for denne gong, då han flyttar til Oslo med familien sin.
No er det altså klart at "Kimmen" spelar for det sunnmørsprega Oslo-laget Lokomotiv Oslo, under Arthur Garnes. "Loket" leiar si 4. divisjonsavdeling i Oslo.
Husøy debuterte for Hareid i 2002, og har sidan scora 158 mål på 303 a-kampar. I denne perioden har han éin kamp for eit anna lag. Det var ein treningskamp for Hødd i 2010.
I løpet av karriera har Husøy fanga interessen til både Hødd og SIF, men han rakk å fylle 30 år før han signerte eit overgangspapir.
Kimmen har i tillegg til å spele mange kampar for Hareid, vore trenar både for juniorlaget, gutelaget, smågutelaget og yngre lag.
På CV-en har Kim-Tore mange årets spelar- og toppscorartitlar i Hareid. I 2010 vart han også toppscorar i 3. divisjon Sunnmøre.