Dimna IL gjorde eit godt senior-NM i Sandnes sist helg. Fire medaljar, tre gull og ei bronse, er imponerande av friidrettsklubben frå Ulstein kommune og meisterskapen vart avslutta på best mogleg vis, med eit imponerande stafettgull til herrelaget.

Frå gjengen som representerte Dimna IL i Sandnes skal både Toralv Opsal og Johanne Rise Kvalen ut i nytt meisterskap allereie til helga. Då er det ungdomsmeisterskapen (UM) som står på programmet, og denne gongen er det Fana IL som står som arrangør.

Til Fana stadion reiser Dimna med ein tropp på 11 utøvarar. I tillegg er Svenning Veiseth frå Hareid IL påmeldt i diskos og spyd.

Dimna-trenar Arve Hatløy fortel at dei første utøvarane set kursen mot Bergen torsdag. For mange startar nemleg UM allereie fredag. Dette blir det siste spesielt prioriterte stemnet for Dimna-utøvarane denne hausten, sjølv om nokre kanskje vil vere med under Midtnorsk Meisterskap om nokre veker.

Som nemnt var to av dei som skal til UM også med under senior-NM og endå fleire fekk prøve seg under junior-NM i Harstad. At fleire Dimna-utøvarar får prøve seg mot dei beste i landet, og at fleire også hevdar seg bør vere god motivasjon for resten.

– Utøvarane våre ser jo at dei som dei trenar med nesten kvar dag, og som dei trenar nesten akkurat det same som kan vere med å hevde seg heilt i toppen. Det har vi også sett gjennom våren og sommaren, at veldig mange av våre har løfta seg. Fleire hakk også, og vi har hatt veldig mange gode treningar, med eit oppmøte som har vore heilt fantastisk.

Mål om gode prestasjonar

For mange av desse er det UM som er eit av dei store høgdepunkta denne sesongen.

– Vi hadde også nokre større stemne på våren som vi prøvde å legge nokre formtoppar til, men det er til dette vi har prøvd å få dei i form. Dei som har vore med på junior-NM og NM har fått ein lang haust, men vi håpar det held heilt ut.

Hatløy har godt håp om at mange av dei som ikkje har fått konkurrert like mykje på store stemne den siste tida skal få gode opplevingar.

– Vi håpar på at fleire skal kunne sette nokre personlege rekordar, og vi har også håp om nokre medaljar. Først og fremst handlar det uansett om å få utøvarane til å prestere opp mot sitt beste, seier han.

For 15-åringane er dette første møtet med UM utandørs, og dermed også ei bra erfaring. Dei aller største medaljekandidatane, med Toralv Opsal i spissen deltek i eldre klasser, men det er også nokre av dei yngre som truleg vil hevde seg bra på Fana stadion.

– Jonas André Ose har vore litt småsjuk siste tida, men prøvar seg i alle fall på 100 meter og så får vi sjå kor godt restituert han er. Vi har også håp om at nokre av dei yngre jentene våre kan blande seg inn i medaljekamp, medan Johanne Rise Kvalen er ein medaljekandidat, kanskje spesielt i lengde, men ho har også moglegheita i høgde.

Det som er heilt sikkert er at det blir nokre tettpakka dagar på Fana stadion.

– Det blir ei lang og spanande helg, slår Hatløy fast.

Jonas André Ose er ein naturleg medaljekandidat i spring under UM på Fana stadion. Foto: Leiv Arne Grimstad (arkivfoto)