Johannes Sundgot debuterte frå start i heimekampen mot Vindbjart søndag. Frå sin posisjon på venstresida dundra han oppover og nedover langs sida, mykje på same vis som ein er blitt vane med å sjå 18-åringen på rekruttlaget.

– Det gjekk veldig fint og det var veldig, veldig gøy. Vi leverer ein god kamp, sjølv om prestasjonane er litt opp og ned. I førsteomgangen så køyrer vi over dei, skapar mykje meir sjansar, men var ikkje effektive nok. Etter pause var det litt omvendt. Vi skapte ikkje like mykje, men var effektive, fortel Sundgot etter kampen.

Dessverre for Sundgot måtte han forlate banen med ein skade i kneet om lag 20 minutt før slutt.

– Det var ei takling, der kneet vart hengande igjen i graset og eg fekk ei vriding. Eg prøvde å kome i gang igjen, men det vart berre verre og verre, og då måtte eg dessverre gje meg på det, fortel Sundgot, som naturleg nok håpar det ikkje er snakk om noko alvorleg skade.

– Det er litt kjedeleg at det kom no når eg endeleg fekk sjansen for førstelaget, men eg satsar på at det er noko som går fort over, fortel Sundgot, som også håpar å få prøve seg igjen på førstelaget om ikkje altfor lenge.

Avgjorde etter kort innhopp

Det som ikkje vart kjedeleg var avslutninga på kampen. For på overtid tok det verkeleg fyr på Høddvoll, og det takka vere ein annan unggut.

For etter at Eirik Franke Saunes hadde frigjort seg med ballen på bakre stolpe dukka innbytar Håkon Botn Brautaset opp midt framom mål. I sitt andre innhopp for A-laget gjorde han ingen feil og sende pasninga frå Franke Saunes inn i nettmaskene. Kanskje ikkje så overraskande frå Botn Brautaset, som er andremann på toppscorarlista for Hødd 2 denne sesongen. Berre Magnus Myklebust har scora fleire.

Men sjølv om Botn Brautaset er van med å finne nettmaskene for rekruttlaget, så er det ikkje kvar dag ein 18-åring frå Ulsteinvik kan avgjere på Høddvoll.

– Eg kunne ikkje ha bedt om noko meir i dag. Det var utruleg kjekt, og noko eg ikkje kjem til å gløyme, seier Botn Brautaset.

Ungguten er likevel litt meir uklar på kva som gjekk gjennom hovudet på han i sekunda og minutta etter scoringa.

– Det hugsar eg ikkje heilt, seier han, men legg til at det var ei veldig kjekk oppleving.

Mange unggutar

Frå start i denne kampen stilte Hødd med både Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Daniel Eid og Johannes Sundgot frå start. Alle under 20 år og alle frå Ulstein kommune. I tillegg fekk Botn Brautaset sjansen mot slutten.

– Både og Johannes, og Eirik også, har jo spelt mest 4.-divisjon. Det at vi får kome opp og vise oss her også betyr jo at dei følgjer med på det vi held på med, og det er herleg at vi blir sett.

Søndag vart han også lagt merke til av tilskodarane på Høddvoll, med det som kanskje er det første av mange A-mål for Hødd.

– Ja, det er det! slår Botn Brautaset fast.

Johannes Sundgot fekk debuten sin heime mot Vindbjart, og gjorde sine saker bra på venstresida, men måtte dessverre ut med ein skade etter 68 minutt. Foto: Per Werkland.