Ane Serine Dimmen (19) frå Volda og Emil Vartdal Hareide (18) frå Hareid deltok begge på årets Norway Cup i Oslo – og dei spelte til og med på same lag.
Saman med Juniorlaget for døve tok dei seg til 32.-delsfinale i juniorklassen, i klubbens andre deltaking på turneringa.
Ettersom alle på laget er anten døve eller hørselshemma, var kommunikasjon ei utfordring for spelarane.
– Det er veldig vanskeleg. Eg vart utnemnd som kaptein, så det var eg som fekk i oppgåve å gi beskjedar får trenaren vidare til dei andre på laget. Ein må berre prøve å spele saman likevel, forklarar Hareide, som var godt fornøgd med lagets sin innsats under Norway Cup.
Messi og Gerrard
At Dimmen spelte saman med gutane under turneringa, meiner ho ikkje var noko problem.
– Nivået er litt høgare på gutesida enn på jentesida, men det var kjekt å få prøve seg mot dei og eg tykkjer det gjekk veldig bra eg, seier 19-åringen.
Sjølv om ho likar best å spele fotball sjølv, følgjer ho også litt med på fotball på TV. Då er det spesielt éin spelar som skil seg ut.
– Messi er ein spelar som aldri stoppar å imponere. Teknikken hans er heilt spesiell, gliser voldingen.
– Kva med deg, Emil?
– Eg ser veldig opp til Liverpool sin kaptein, Steven Gerrard, ettersom eg elskar klubben og fordi eg er midtbanespelar sjølv, svarar han.
Kor lenge Dimmen kjem til å halde på med fotball er ho ikkje heilt sikker på, men Hareide har gjort sine draumar.
– Eg tek det som eventuelt måtte kome, men det største målet er å spele for Hødd ein dag. Det må jo vere lov til å drøyme litt også, konstaterer han.
Overblikk
Både Hareide og Dimmen har kjent kvarandre sidan dei var små, og er begge veldig glade i å spele fotball. Sidan dei til vanleg spelar for høyrande lag, er det ein viktig eigenskap å ha auga opne.
– Ein må gi teikn til kvarandre, og ein må følgje ekstra godt med på situasjonar der dommaren signaliserer frispark eller liknande. Det er krevjande, men det er også god trening i dette. I tillegg er det viktig å ha eit godt overblikk, smilar Hareide.
Sølvmedalje
I tillegg til å spele fotball utandørs, har Dimmen representert Noreg i tre meisterskap med kvinnene sitt futsallandslaget for døve. Der har ho mellom anna vore med på å ta sølvmedalje i Nordic Baltic Tournament i Finland i fjor.
Før denne meisterskapen hadde ho også vore med på EM i Sveits og VM i Sverige. Desse minna set ho stor pris på å ha fått oppleve.
– Det er veldig spanande å få vere med på slike meisterskap. Ein får møte nye menneske og ikkje inst oppleve nye kulturar. Til dømes var det ein gong eg såg spelarar frå Thailand som brukte hanskar når dei spelte, noko som var litt rart sidan det er så varmt inne i fotballhallen, mimrar Dimmen.
Nervøs
Hareide derimot har ikkje representert futsallandslaget for herrar enno, men for to veker sidan fekk han endeleg innkallinga til herrelaget. Samlinga skal vere i Frankrike i mars neste år. Men det er ikkje berre positive tankar som svirrar i hovudet på 18-åringen.
– Ein vert jo litt nervøs. Nokre av dei som spelar der spelar i 2. divisjon for høyrande lag, så det er noko eg både gruer og gler meg til, røper han, og legg til at ein til sjuande og sist vert ganske stolt av å få moglegheita til å representere Noreg.