Grodås var ute bortimot heile 2011-sesongen og første halvdel av 2012, før han etablerte seg som fast venstreback på laget frå og med NM-kvartfinalen i Haugesund. Også frå starten av denne sesongen vart Grodås prioritert framfor Ruben-Kenneth Brandal. Men i NM-møtet med Brattvåg 17. april fekk han ein kneskade som sette han på sidelinja fram til 16. mai-kampen mot Ranheim. Grodås heldt på venstrebacken fram til 13. juni, då han fekk ein strekkskade. Sidan har ikkje 21-åringen vore på bana i det heile, først og fremst grunna knesmertane som ikkje har forsvunne. Dei siste vekene har han heldt seg på Austlandet for å lege skaden.

Snart Ulsteinvik-retur

– Det gjekk rett og slett ikkje framover, så eg valde å få oppfølging her nede. Ein MR har vist at det er heile kneet som er betent. Det er ikkje noko som er gale inne i sjølve kneet. No er det tappa for væske, og for fire dagar sidan fekk eg ei kortisonsprøyte. Dei neste dagane skal eg ta det med ro. Eg skal snakke med Hødd når vi møtest på Nadderud søndag, og eg reknar med å kome til Ulsteinvik igjen mot slutten av neste veke, seier Victor Grodås til Vikebladet Vestposten.

– Det må vere frustrerande for deg å vere skadd så lenge – atter ein gong?

– Ja, det har vore veldig frustrerande. Men no har eg innsett at eg berre må ta tida til hjelp og bli frisk igjen. Eg trenar det eg kan trene. Så får vi sjå når eg kan vere kampklar igjen. Det kjem vel også litt an på den fysiske forma.

Ønskjer forlenging

Denne sommaren har vore spesiell for Hødd. Pål André Helland, Akeem Latifu, Eirik Helte og Robin Hjelmeseth (lån) har skifta klubb, medan Sivert Heltne Nilsen blir Vålerenga-spelar til vinteren. Ein spelar som Tobias Nygård Vibe vurderer å skifte klubb etter sesongen. Då går også låneavtalen til Andreas Lie ut.

Victor Grodås er også Bosman-spelar etter sesongen, men han er positiv med tanke på å bli med Hødd vidare.

– Eg har lyst til å halde fram i Hødd og er i dialog med klubben. Men eg forlengjer ikkje kontrakten før eg ser at eg er heilt frisk igjen, forklarer “Groden”.

– Andersen blir matchvinnar

Medan fleire spelarar har forsvunne medan venstrebacken har heldt seg på Austlandet, har også tre nye spelarar kome til; Franjo Tepuric, Jonas Ingebrigtsen og Eirik Ulland Andersen. Victor Grodås synest det noverande Hødd-laget ser spennande ut.

– Det var mykje trøbbel ein periode då fleire spelarar forsvann, men no har laget fått sett seg. Så dette skal nok bli bra.

– Eit tips til søndagens kamp mot Stabæk?

– Vi slår dei 1–0. Eirik Ulland Andersen scorar, tippar Victor Grodås.

Les også:

* Tre uaktuelle

* Hødd-sesongen del 1

* Ukjent skadeomfang

* Ute i tre veker