Med dette tek ho steget opp frå 2. divisjon i Hødd til 1. divisjon i ålesundslubben.

Ho kjem til eit lag som har hatt ein litt trøblete vårsesong. 12 poeng på 10 kampar og tredje sisteplass er fasiten etter halvspelt sesong.

Difor har no laget i tillegg til Mette Muri (16 år frå Hessa), forsterka laget med angrepsspelaren frå Hødd.

- Angelica tilfører oss sårt trengt hurtigheit. Ho er rask og ein offensiv spelar, og kjem til å bidra med etterlangta tempo i laget, seier Fortuna-sjef Magne Elde til Sunnmørsposten fredag.

I juni meldte Vikebladet Vestposten at ungjenta trente med ålesundsklubben, men overgangen er ikkje klar før no. Vattøy sa allereie i juni at det kom til å bli trist å forlate Hødd.

- Nei, uff. Det blir så trist. Samtidig så må eg tenkje på mi eiga utvikling, og då er Fortuna Ålesund ei fin utfordring.

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til skal Vattøy spele Norway Cup for Hødd før ho sluttar seg til Fortuna sin tropp.