Manu Torres er ein av mange i Hødd, både i trenarapparatet og spelargruppa, som går på utgåande kontrakt i klubben. Tidlegare denne veka spurte Vikebladet Vestposten den fysiske trenaren om framtida, og då sa Torres at det truleg vil kome ei avklaring i løpet av ei vekes tid.

No ser det ut til at den avklaringa har kome. Sundag kveld melder nemleg BT.no at Torres er på veg inn i trenarapparatet til tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen i Brann.

Ifølgje BT er det Lars Arne Nilsen sitt ønskje at Brann knyttar til seg den spanske trenaren. Sundag kveld er det ingen i Brann som ønskjer å kommentere situasjonen rundt Torres, men den bergenske avisa seier at dei har fått stadfesta at Torres er på veg til klubben.