- Det var ein spesiell kamp. Først og fremst for å samle inn litt pengar til Kirkens Nødhjelp. Eg synest det er fint at vi kan bidra litt med fotball til sånne ting også, seier Hødd-kaptein Jesper Törnqvist etter 90 minutt og 2-0 siger i kampen mot Team Søre på Høddvoll.

Törnqvist legg til at Hødd fekk seg ei fin gjennomkøyring, men at det viktigaste var at fotballspelarane kunne gjere ein innsats for andre.

- Vi er veldig priveligerte og ein gløymer ofte det at vi faktisk får spele fotball på elitenivå. Det er mange som gjerne ville ha bytta med oss, og då er det viktig at vi også er gode førebilete for dei som er rundt oss, og at vi støttar opp rundt ting der vi kan hjelpe til.

Törnqvist synest motspelarane gjorde ein god innsats og jobba hardt på Høddvoll-graset.

- Det er nok mange som har lyst til å vise seg litt fram her i dag, men eg synest også at vi er ganske stabile. Vi byttar ein heil del og kunne nok scora endå litt fleire. Det blir litt ineffektivt, men ein ønskjer ofte å gjere litt ekstra når det er slike kampar. Eg synest 2-0 er ein grei siger.

For Hødd fungerte også kampen som ei fin treningsøkt. Kapteinen meiner laget ser bra ut fram mot dei tre siste seriekampane.

- Det er mykje tendensar som er gode, sjølv om det blir litt opp og ned i ein slik kamp. Eg synest vi stort sett ser ganske bra ut og vi går inn i dei tre siste kampane og vil ta så mange poeng som mogeleg, fortel Törnqvist.