På formiddagsøkta av Tyrvinglekene laurdag har forholda vore litt betre enn opningsdagen fredag. Vinden har ikkje vore så sterk og vi har fått nokre gode hekkeløp.

Renate Grimstad gjennomførte nok eit sterkt hekkeløp og tok sigeren i kvinneklassen med tida 13,98. Med nok eit hekkeløp under 14 sekund stadfesta Renate sin posisjon som Noreg si nest beste kvinne på 100 m hekk.

Karsten Warholm sette også personleg rekord og tok sigeren på 110 m hekk med tida 14,55 sek.

Tobias Skavnes Våge sprang 110 meter hekk på 15,42 sek. Det er også ny personleg rekord men medvinden var diverre litt for sterk.

14-åringane Johanne Rise Kvalen og Madelen Gustavsen sat personleg rekordar på 60-meter med tidene 8,81 sek og 8,93 sek.

Fleire imponerte på ettermiddagen

På ettermiddagen imponerte våre lokale utøvarar nok ein gong. Karsten Warholm imponerte i stav, der han sette ny kretsrekord for juniorar og personleg rekord med 4,20. Han persa med heile 30 centimeter.

Joakim Sundgot Gustavsen sprang sitt første 800-meterløp under Tyrvinglekene og passerte mållina på 1,59. Ådne Andersen frå Hareid IL, sprang inn på 1 minutt og 57 sekund på 800 meter.

Også søndag er utøvarane frå Dimna IL og Hareid IL i aksjon under Tyrvinglekene. Resultata får du her på vikebladet.no.