Denne veka gjer dei norske Handballjentene sine siste førebuingar før OL i Ulsteinvik. Gjennom Ulstein Cup er Ulsteinhallen, Hødd handball og Ulstein kommune for ei kort periode den viktigaste arenaen for norsk kvinnehandball. Men det er ikkje berre handballen som ser til Ulsteinvik. I løpet av dei siste åra har idrettslivet i kommunen fått eit kjempeløft gjennom nye fasilitetar. Nye Ulsteinhallen og Høddvoll gir idretten i Ulstein svært gode vilkår, men også moglegheita til å ta på seg større arrangement.

No er det naturleg nok Ulstein Cup og Handballjentene som har hovudfokus, men allereie i september er det klart for ei ny storhending.  Då er Hødd fotball vertskap for EM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Israel. Og som ikkje det var nok, så skal Dimna IL til vinteren vere arrangør av sitt andre store meisterskap etter opninga av Ulsteinhallen. Tidlegare har Dimna hatt ansvaret for eit UM, men til vinteren er det senior-NM i friidrett som står på programmet.

Viktig å legge til rette

– Det å ha gode rammevilkår og anlegg for idretten betyr utruleg mykje. Eg trur nok spesielt at handballen og friidretten er dei som ser at anlegga no har gitt dei ny vekst, seier kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune. Han har vore med som vertskap for Handballjentene medan dei er i Ulsteinvik, og gler seg naturleg nok over det Hødd handball har fått til.

Ringstad slår fast at det er ei viktig rolle for kommunen å vere ein tilretteleggar for idrettsaktiviteten, og at dette kan få andre positive effektar enn aktivitet, mellom anna gjennom arrangement som Ulstein Cup.

– For dei som er aktive idrettsutøvarar er det sjølvsagt viktig å kunne hente impulsar og motivasjon frå den type arrangement som vi no får til kommunen, men det gir også ringverknadar utover idretten, til næringslivet både i kommunen og i regionen. Eg trur også at når Ulstein Arena blir opna i 2017, så vil det også vere med på å utvikle sentrum i Ulsteinvik og at det kan vere med på å auke både aktivitet og handelen i sentrum, då knytt til arrangement, trening og slik ting.

Set Ulstein på kartet

Quality Hotel Ulstein er ei av verksemdene  i Ulsteinvik som kan gle seg over at idrettsanlegga i kommunen blir nytta til store arrangement.

– Dei hadde også veldig gode erfaringar frå det samarbeidet dei hadde med Dimna IL under UM sist vinter, så for hotellet som no blir fullpakka i ei veke så vil eg tru det betyr mykje i det som kanskje elles ville vere ei stillare periode, seier Ringstad.

Les også: - Påverkar oss veldig positivt

Og sjølvsagt betyr det mykje for kommunen å kunne vise seg fram på den måten ein no får høve til.

– Det er viktig. Eg trur at det å bygge renommé, bygge attraktivitet, det er viktig og det er ting som gjer at Ulstein blir sett på kartet på mange måtar. Det er attraktivt å bu i Ulstein og dette er med på ein del av den attraktiviteten vi opplever, fortel kultursjefen.

Dei norske Handballjentene gjer sine siste førebuingar til OL i Ulsteinvik. Ulsteinhallen har også gitt nye moglegheiter til Dimna IL, som til vinteren skal arrangere sitt andre store meisterskap innandørs sidan hallen vart opna.