Urke måtte melde forfall då han brått vart sjuk før kampen. Dermed var det Ole Monrad Alme som fekk sjansen som sisteskanse mot «koffa».

Hødd var farleg frampå i byrjinga av kampen då Magnussen slo eit godt innlegg framfor mål. Shroot, som venta inne i femmeteren klarde dessverre ikkje få ei tå på ballen. I den andre endane fekk vertane ein best tenkeleg start då dei scora på sin fyrste sjanse i kampen.  Alme måtte gi ein retur på eit skot frå 25meter. Heimelagets Emil Ekblom var raskast på returen og sette ballen enkelt i mål, dermed stod det 1-0 til KFUM-Oslo etter berre ti minutt. Den første omgangen var prega av lågt tempo og få sjansar. Hødd la seg litt bakpå og KFUM fekk ha ballen mykje. Heimelaget verka å ha eit grep om kampen, og etter at Hødd kom seg til nokre sjansar tidleg i kampen, var det lite som skjedde framfor vertane sitt mål.

Betre 2.omgang

Det var eit meir offensivt innstilt lag som kom ut av garderoba etter kvilen. Dei blåkledde sto høgare i bana og pressa heimelaget i mykje større grad. Likevel let sjansane vente på seg. Etter 66 minutt fekk dei endelig ein skikkeleg sjanse. Wembangomo kom seg til innlegg og slo inn framfor mål. Der stod Robin Shroot som fekk ei enkel oppgåve med å setje ballen i mål. Dermed var laga like langt.

Ingen av laga kom seg til skikkeleg store sjansar etter utlikninga. Det var fleire nesten sjansar og gode innlegg frå frispark og cornerar i begge endar, nærast var Wrele som heada i stolpen frå dødvinkel etter ein corner. Ulland Andersen forsøkte seg ved fleire høve, men vingen såg ikkje ut til å ha stilt inn siktet, og hadde fleire forsøk som gjekk lang til sides eller himmelhøgt over mål.

Kampen ebba dermed ut på stillinga 1-1 og poengdeling på KFUM-arena. Hødd tok dermed sitt første poeng på bortebane denne sesongen. Med det poenget, ligg Hødd no på 12.plass med 18poeng, bak KFUM på målforskjell og eit fattig poeng over streken.

KFUM Oslo 1-1 Hødd

Mål: 1-0 Ekblom (10), 1-1 Shroot (66).

Gule kort: Magnussen(26), Dahl (62), Rasch(90)

Laget:

•             Alme

•             Wembangomo

•             Moltu

•             Wrele

•             Aasbak

•             Kallevåg

•             Torset

•             Vestvatn

•             Ulland Andersen

•             Shroot

•             Magnussen

FØR KAMPEN

0-0-7 er fasiten etter sju bortekampar for Hødd sin del denne sesongen. Medan laget har prestert brukbart heime på nye Høddvoll, med fem sigrar, to uavgjorte kampar og to tap, har borteforma vore elendig. Det er også ein stor grunn til at Hødd ligg der dei gjer på tabellen.

Sundag er det KFUM Oslo som er motstandar og Hødd reiser til Oslo med håp om å endeleg sikre årets første poeng på framand grunn. Steinar Lein er ikkje i tvil om at det blir viktig å få fart på poengfangsten på bortebane. No håpar han på bortepoeng før sommarpausen i Obos-ligaen.

- Vi er nøydde til å ta poeng borte snart. Vi har tapt sju kampar og skal ein stå i divisjonen så må ein plukke poeng borte. Eg trur vi har ei fin moglegheit denne helga og det hadde vore godt å gå inn i ferien med vissheita om at vi er kapable til å ta poeng også borte, fortel Steinar Lein.

Veit kva ein møter

Han har fått ein brukbar start som hovudtrenar for Hødd, men begge sigrane har kome heime. Borte mot Mjøndalen vart det tungt for Hødd. Då er truleg KFUM Oslo ein enklare motstander, men det blir neppe nokon lett kamp for Hødd sin del.

- Heime mot "Kåffa" trur eg nesten ikkje vi skapte noko, men vi har endra ein del sidan den gongen. No veit vi også meir om kva som møter oss, og no gjeld det å legge ein kampplan som gjer at vi kan utnytte deira svake sider og ta vekk deira sterke sider.

Lein fortel at KFUM Oslo er eit lag som likar å trille mykje ball og at Hødd må klare å vere tolmodige og klare å følgje kampplanen.

- I dei kampane vi har klart det, så har vi teke poeng. Det blir oppgåva til oss i trenarteamet å legge rette planen, og så må spelarane vere disiplinerte i forhold til det. Vi må nok også i periodar forvente at vi ikkje har ballen så mykje.

Heime på KFUM-Arena har KFUM Oslo vunne to kampar, spelt uavgjort to gongar og tapt fire kampar så langt denne sesongen. Laget har faktisk teke fleire poeng borte, mellom anna gjennom ein 1-2 siger over Hødd.

Hødd må truleg klare seg utan både Fredrik Sjølstad og Eirik Skaasheim til kampen mot KFUM Oslo, men har godt håp om at Hugues Wembangomo er speleklar.

- Hugues har trent heile veka og det går nok bra. Skaasheim er meir usikker og må testast, medan Fredrik Sjølstad er ute. Vi har likevel ein bra tropp og då er det andre som får moglegheita. Vi skal stille eit veldig bra lag på sundag, slår Lein fast.

Etter kampen mot KFUM Oslo har Hødd sommarpause fram til 31. juli. Då er Kristiansund motstander på Høddvoll.

Kampstart mellom KFUM Oslo og Hødd er 18:00. Vi følgjer kampen på Vikebladet.no.

Hødd skapte lite i heimekampen mot KFUM Oslo, der Hødd til slutt tapte 1-2. No ventar Oslo-laget på KFUM-Arena. Foto: Per Werkland.