Hødd2 vann fortent 3-2 over Sykkylven på Høddvoll. Då stadionuret viste 45 minutt - og det hadde vore ein sjansefattig og dårleg 1.-omgang - fekk Hødd2 straffespark etter ei felling av Andreas Kurseth. Vegard Heltne sette ballen i mål. I 2. omgang vart Hødd2 sine offensive spelarar langt meir kreative, men først etter at gjestane hadde utlikna i det 47. minutt ved Cruz, begynte det å losne for heimelaget. Helge Edinsen sette inn 2-1 på retur etter eit skot frå Oddbjørn Lie - og Andreas Kurseth la inn 3-1 direkte frå cornerflagget. Hødd2 styrte kampen, men då Frank Furnes reduserte til 2-3 etter at ballen hadde sneia ein Hødd-forsvarar, vart det spenning. På overtid hadde Sykkylven ein stor sjanse til poengdeling, men Alexander Aure missa. Dermed vann Hødd2 3-2 -fullt fortent. * Hareid nytta den kjølige fredagskvelden til å kapre 3 poeng i bortemøtet mot Spjelkavik. Ronny Jørgensen gav Hareid 1-0 i det 23. minutt. Midt i 1. omgang fekk Spjelkavik straffe, men Johnny Vattøy skaut i tverrliggaren. I 2. omgang auka Martin Molnberg til 2-0 i det 57. minutt. Andre 3.-divisjonskampar: Skarbøvik-Langevåg 3-1, Valder-Brattvåg 2-3, Ørsta-Volda 1-1. Stillinga i teten er dermed den same som før denne runda. Skarbøvik ligg 2 poeng føre Brattvåg, som igjen ligg 2 poeng føre Hareid. I neste serierunde møtest Hareid og Hødd2 på Hareid stadion mandag 10. september. I mellomtida skal Hødd2 spele ein utsett kamp mot AaFK2.