Dei to første stemna i cupen gjekk på Tingvoll i juni. Laurdag og søndag gjekk stemne nr. 3 og 4 på Ørsta stadion. Dimna hadde eit lite forsprang på Tingvoll etter dei to første stemna, men etter laurdagsstemnet i Ørsta var Tingvoll så vidt forbi. Dimna hadde imidlertid gode kort på handa til søndagsstemnet - og det skulle vise seg at dei vann dette stemnet heile 33 poeng føre Tingvoll. Samanlagt enda Dimna 33,5 poeng føre Tingvoll, medan Ålesund passerte Hareid med 3 poengs margin og vart nr. 3. Hareid vart nr. 4, medan Eide og Ørsta vart nr. 5 og 6. I tillegg til æra får Dimna IL 7.000 kroner for sigeren. Hareid L får 1.500 kroner for 4.-plassen. Ørsta rykker ned i 2.-divisjon, medan Molde Olymp, som vann 2.-divisjon blir nytt 1.-divisjonslag i 2008. I tillegg til å vinne samanlagt fekk Dimna IL også ein samanlagtvinnar individuelt i Maria Ringstad, som vann lange løp for kvinner.