SMG 14-laget tok bronse under Norway Cup sist veke. Det er klubbens første medalje i a-sluttspelet i stortureringa. Før Hareid - Blindheim fredag fekk karane servert pizza på den lokale restauranten Napoli - spandert av kommunen. Deretter vart gutane tatt fram under pausen i kampen.
Gutane fekk blomster frå yngres avdeling og innramma lagbilete med gratulasjonar frå fotballstyret (hovudlaget kjem med ei påskjønning seinare). Først leste speaker Håvard Røyset opp ei melding før Anders Riise (ordførar) og Odd Arve Riise (leiar yngres avdeling) fekk ordet. Begge to var sjøvsagt veldig nøgde med korleis gutane representerte klubben under Norway Cup.
- På vegner av Hareid kommune vil eg gratulere gutane for den fantastiske innsatsen. Det er historisk, det er første gongen Hareid har fått bronsemedalje i Norway Cup. Og det er veldig bra. Takk til dykk. Men også takk til trenarane og leiarane som stiller opp for dykk veke etter veke, dag etter dag - for å få dette til. Takk så mykje, sa Anders Riise.- Det de har gjort i år under Norway Cup i år er ein kjempeflott prestasjon. Vi er utruleg stolte av dykk. Både spelarar, trenarar og andre som var nedover gjorde ein flott innsats. For klubben betyr det utruleg mykje at vi har lag som presterer så godt. For ein del år sidan var det stort (nok) å kome til a-sluttspelet. Og endeleg har vi fått eit lag som tar medalje . Det er veldig bra og flott å sjå at det er mogleg, talte Odd Arve Riise.
Les også: