20. oktober var det slutt. Medan Hødd-troppen gjorde seg klare til å reise til Egersund for årets siste seriekamp, sette Robin Shroot seg på flyet til London.

– Eg hadde ein god prat med Sindre Eid før eg reiste, der eg forklarte at eg ikkje kjem til å signere ei ny kontrakt med klubben, fortel Shroot.

Hødd ønskte å behalde 29-åringen, som har vore ein viktig bidragsytar etter returen frå Viking i sommar, men det er ikkje overraskande at Shroot no vel å sjå etter andre utfordringar.

Til Nashville?

For ambisjonane har Shroot aldri lagt skjul på. Tidlegare har briten snakka om ønsket om å ein dag spele Champions League-fotball, og to gongar i løpet av Hødd-karrieren har han gått til andre klubbar i forsøk på å tilfredsstille sine ambisjonar.

– Hødd har fått beskjed om at eg har funne meg ein ny klubb og at eg er nære ved å signere for dei.

Klubben det er snakk om held til i Nashville i USA.

– Fotballmarknaden der borte veks enormt raskt og amerikansk sport har ein så velkjent profesjonalitet, samstundes som sportsindustrien er nådelaus. No skal eg til ein klubb som er heilt nystarta i Nashville, Tennessee. Dei er favorittar til å få ein plass i MLS i løpet av eit par år, og det å kunne verte ein del av ein heilt ny sportsorganisasjon i ein by som aldri har hatt eit skikkeleg fotball-lag kunne eg ikkje seie nei til.

Nashville SC som klubben heiter, skal debutere i USL i 2018. Klubben er ein av ti som kjempar om fire MLS-franchise til ei framtidig utviding av ligaen.

Shroot har tidlegare snakka om at avstanden frå Ulsteinvik til familie og kjærast i London har vore ei utfordring. Avstanden til familien blir ikkje nødvendigvis så mykje kortare, men det kan sjå ut til at han får selskap i statane.

– Nashville er ein by med om lag to millionar innbyggjarar og kjærasten min har nyleg lukkast med å verte sjølvstendig næringsdrivande. Dette kan gje henne moglegheita til å også etablere seg i USA. Ho er jo også frå ein storby, så det ville uansett vere vanskeleg for henne å slå seg ned i Ulsteinvik, seier Robin Shroot.

Shroot ser tilbake på mange gode opplevingar i Hødd, både som spelar, men også som trenar i jentefotballen. Likevel er det ein del ting briten irriterer seg over.

– Eg har hatt ei fantastisk tid i Ulsteinvik og Hødd, der eg har møtt så mykje utruleg flott folk. Det er frustrerande at eg aldri fekk spelt for Hødd på høgste nivå, og eg er frustrert over at klubben er der den er no.

For Shroot meiner det er ting som ikkje er som dei bør vere i Hødd.

– No kjem eg frå utsida og har mine referansar derfrå. Det eg ser er at det truleg er mange både i og rundt klubben som ikkje ser kor bra Hødd kunne ha vore. Det er vanskeleg for meg å akseptere, men kanskje er klubben inne i ei periode der ein kan finne tilbake til seg sjølv.

Saknar tydlege ambisjonar

Briten meiner Hødd høyrer heime på eit heilt anna nivå enn der klubben er no.

– Kanskje folk ikkje ønskjer at ein skal spele i toppdivisjonen? Eg vil alltid gjere mitt beste og ønske det beste for klubben og staden eg er, men er ikkje sikker på om det er så mange andre som tenkjer slik. Det har faktisk vore ganske hardt for meg, for eg ser moglegheitene til å vekse og bli betre her. Til dømes har vi tatt store steg med jentefotballen i Hødd, meiner Shroot.

Briten meiner folk i og rundt Hødd må ha mykje tydlegare ambisjonar.

– Spør du spelarar, trenarar, leiarar eller andre om ein ønskjer å lukkast, så vil alle sjølvsagt seie ja. Men gir alle spelarane alt dei kan for å vere best mogleg utøvarar? Støttar alle tilskodarane oss på den måten som er best for klubben? Frå tid til anna så lurer eg på om dei synest det er betre om vi tapar, for då kan dei seie ”kva var det vi sa”.

Shroot meiner til dømes at kulturen i Sogndal var annleis.

– Der kjennest det som at absolutt alle ønskjer at ein skal lukkast. Det er merkeleg, for her har ein fantastiske fasilitetar, ein har enormt med engasjement, med folk som brukar utruleg mykje tid frivillig på fotballen, men kvifor er vi då der vi er? Kvifor spelar ein 2.-divisjon? Det må vere noko fundamentalt gale ein stad, slår Shroot fast.

Ikkje berre ein hyggeleg klubb

At briten har eit sterkt ønske om å lukkast og vil gje alt for å vinne er det liten tvil om. Det er også tydleg at ein del ting i Hødd har frustrert han over tid. Shroot meiner Hødd må ta tak i kulturen i klubben.

– Frå dei yngste ungane og opp til førstelaget. Ein må til dømes ta tak i kva klubben kommuniserer. Dersom ein ønskjer å bli beste klubben i Norge, så må ein tore å seie det og ein må også oppføre seg som om ein allereie er den beste klubben i landet. Dei unge spelarane må vite kva som er forventa av dei og at klubben ønskjer å gjere dei så gode som det er mogleg å få dei. Ikkje berre vere nøgde med å vere ein hyggeleg klubb med hyggelege folk i ein hyggeleg by. Her er spelarar og trenarar som har spelt i Eliteserien, som har internasjonal erfaring. Dei veit kva som skal til, men skal Hødd ha toppfotball, så må ein fortene det. Klubben må vere tydlegare på kva ein ønskjer.

Og måten å gjere det på er gjennom handling.

– Klubben må bestemme seg for kva dei ønskjer å vere. Ønskjer ein å kome seg opp og bli der, så må ein også rekruttere spelarar og folk som vil same vegen, fortel han.

No er det uansett andre som må gjere jobben for å få Hødd tilbake til toppfotballen. Over nyttår reiser Shroot etter alt å døme til USA for å gjere seg klar til sesongstart i mars, men først skal han bruke litt tid på heimebane.

– Det er noko eg treng. Eg har vore på treningsfeltet nærast konstant, anten som spelar eller trenar, og eg kjenner at eg treng litt kvile.

Robin Shroot er heilt klar på at han helst skulle reist frå Hødd med klubben tilbake i toppfotballen, men sjølv om briten ikkje er nøgd med alt som har skjedd i klubben dei siste par sesongane, så er det liten tvil om at han bryr seg om både klubben og Ulsteinvik.

– Eg har jo også tidlegare sagt til André Nevstad at eg ein gong skal kome tilbake og gjere Hødd til den beste klubben i landet, smiler Shroot til slutt.

Takkar Robin

Hødd og dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei fekk i arbeidet med dette intervjuet tilbod om å kome med eit tilsvar. Dette svarar Hødd:

- Vi har eigentleg kome til at dette er noko vi bør diskutere internt. Robin har sjølvsagt mange gode tankar og innspel. Vi takkar han for eit godt bidrag i Hødd og ønskjer han lukke til vidare, seier Otterlei til Vikebladet Vestposten.

Første møte: Kontrastane vart store mellom London og Ulsteinvik. Her frå Vikebladet Vestposten sitt første intervju med briten. Foto: Jan Henrik Djupvik Foto: Jan Henrik Djupvik