Fredag ettermiddag går dei første øvingane under senior-NM i friidrett av stabelen på Sandnes idrettspark.

Først ut er forsøket på 400 meter hekk, og allereie der har Dimna IL med ein representant.

Trenar Arve Hatløy fortel at Dimna IL reiser til Sandnes med ein tropp der aller ser ut til å vere friske og raske. Han slår fast at Karsten Warholm er den store gullkandidaten i Dimna-troppen, og at han godt kan ta gull på begge sine distansar, men trenaren meiner også det er fleire som kan vere med å kjempe om edelt metall i Sandnes.

- Toralv Opsal kan nok vere med i medaljekampen både i lengde og på 400 meter hekk, trur Hatløy.

Ferske «persar»

Opsal «persa» nyleg på langhekken under nordisk meisterskap og u-landskamp i Umeå. Ny personleg rekord vart det også på Ådne Andersen under Tjalveleikane på Bislett. På 800 meter sprang han 1.52,80. Det er 14. beste tid i Norge i år, men Arve Hatløy trur det blir tett på 800 meteren.

- Han kan hevde seg dersom han går til finalen, for det kan godt bli mykje lureløping og Ådne har ein bra spurt, seier Hatløy.

Han legg likevel ikkje skjul på at konkurransen er tøff, mellom anna med Filip Ingebrigtsen som er storfavoritt på distansen.

Hatløy fortel at Fride Møller Flatin også er i bra form, men at 3000 meter kappgang kanskje blir i kortaste laget til at ho kan vere med i gullkampen.

I lengdegropa er både Renate Grimstad og Johanne Rise Kvalen med, og begge kan ta seg til finalen i eit tøft felt. For Marthe Mjøen Berg sin del handlar NM først og fremst om å få ei god oppleving, meiner Hatløy.

Dimna IL kan også kome til å stille lag under 1000 meter stafett for menn, men det vil truleg vere avhengig av om utøvarane har nok overskot til dette sundag.

Kappgang: Fride Møller Flatin skal i aksjon på 300 meter kappgang. Foto: Arve Hatløy
Tilbake: Renate Grimstad og Marthe Mjøen Berg er begge i aksjon under NM i Sandnes. Begge har slite med skder dei siste par sesongane, men har kvalifisert seg til årets NM. Foto: dimna il