Det har vore hektiske dagar for den nybakte verdsmeisteren Karsten Warholm etter gullet på 400 meter hekk i London. Merksemda rundt 21-åringen har vore stor, noko ein også såg både då han møtte lokal presse og andre skodelystne under ei markering i Ulsteinhallen, samt då han stod på stand for saman med sponsor Jets under Trebåtfestivalen i Ulsteinvik.

For Warholm sin del har det vore ein lang sesong, der interessa rundt stortalentet har auka i takt med dei gode prestasjonane. For det er ikkje berre VM-gull Warholm har plukka med seg. Han tok både gull og sølv under U23-EM i Bydgoszcz tidlegare i sommar, og med siger både under Bislett Games, og under det etterfølgjande Diamond League-stemnet i Stockholm er Warholm klar for Diamond League-finale i Zürich torsdag.

Der blir det ein ny duell med både Yasmani Copello og Kerron Clement. Sistnemnde er nok ute etter å revansjere seg etter det som berre blei ei bronse i VM, og i Zürich blir nok også unge Kyron McMasters ein å sjå opp for.

Med all merksemda rundt Warholm, og med ei naturleg utlading etter prestasjonane i London, blir det spanande å sjå kva slag 21-åringen er på under Diamond League-finalen.

Sliten, men budd

– Karsten har fått roa ned og kvilt seg nokre dagar etter VM, men med ein fantastisk sesong med gode resultat, der VM toppa det heile, så er det kanskje ikkje så rart at guten er ganske sliten no. Det gjer at vi ikkje skal ha dei heilt store forventningane framom DL-finalen i morgon, skriv Kristine Haddal i ein e-post til Vikebladet Vestposten.

Ho legg samstundes til at Karsten Warholm har fått gjort førebuingane sine på ein god måte og at han er så godt budd som han kan vere før det som blir ei av dei siste kraftprøvene denne sesongen.

– Karsten går inn i dei komande konkurransedagane med friskt mot, han stiller på startstreken og gjer så godt han kan, så får vi sjå kor langt det kan gå denne gongen, fortel Haddal.

I Zürich skal han opp mot verdas aller beste løparar på 400 meter hekk, men allereie laurdag og sundag er det nye løp for Warholm, då under NM i Sandnes.

– Han ser også fram mot NM, der han skal få vere saman med klubbvennane gjennom NM-helga, seier Kristine Haddal.

Karsten Warholm er meldt opp både på 400 meter og 400 meter hekk under NM.