Renate Grimstad imponerte på 100-meter hekk under Bislett Games onsdag. Så langt har ikkje Grimstad NM-medaljar (senior) i denne øvinga. Men akkurat no er ho nest best i landet på 100-meter hekk. Det seier trenar Arve Hatløy.

Grimstad vart nummer tre i Bislett Games med tida 13.94, klar personleg rekord. Ho var beste norske kvinne i løpet.

– Renate gjennomførte eit kjempeløp. Heilt rått. Ho var den beste norske på distansen og imponerte alle. Det var også mykje vind under løpet. Isabelle Pedersen er normalt sett den beste frå Norge i denne øvinga. Ho var skadd. Men bak henne er Renate no best i landet, seier trenar Arve Hatløy.

Også Marthe Mjøen Berg deltok i same løp. Ho vart nummer seks med tida 14.42. Men det er 400-meter hekk som er Berg si beste øving. Den skal ho årsdebutere i under Tyrvingleikane seinare i dag.

Les også:

* Imponerande prestasjonar i Bislett Games

* Oslo-jentenes store år