- Hugsar du Nils Solstad, spør Hødd-trenaren etter onsdagstreninga på Høddvoll.

Og held fram:

- Det var cupfinalen mellom Lillestrøm og Tromsø i 1986. Eg hugsar kampen. Nils Solstad har kanskje aldri scora verken før eller tidlegare, men han torte å klinke til i cupfinalen. Og det vart eit kjempemål. Vi må ha 11 sånne på søndag. Spelarar som tør, seier Nilsen.

Store underdogs

Lillestrøm var store favorittar i cupfinalen i 1986, men underdogen Tromsø slo til og vann 4-1. Backen Nils "Sunny" Solstad scora eit kjempemål, som du kan sjå ein slags rekonstruksjon av her. Det var Tromsø sitt første cupgull, i deira aller første sesong på øvste nivå i norsk fotball.

Skal Hødd bli norgesmeistrar i 2012 må dei nok overraske endå meir enn kva Tromsø gjorde for 26 år sidan.

- Ifølgje Arne Scheie blir det tidenes cupbombe om vi vinn. Vi har ein liten sjanse til å vinne, og den vesle sjansen skal vi prøve å ta, seier Lars Arne Nilsen.

Gjer eit forsøk

Gulloppskrifta handlar om at Hødd må gjere det sjølve. Ingen i Hødd-leiren verkar særleg opptekne av kor gode Tromsø er og kva spelarar dei kjem med og ikkje. Ei heller trenaren.

- Tromsø har ein del gode nøkkelspelarar. Til dømes Tippeliga-toppscorar Zdenek Ondrásek. Stopparen Fredrik Björck er utvilsamt god. Ruben Yttergård Jenssen er jo på landslaget. Kara er også ein nøkkespelar om han startar. Men vi er eit lag som i liten grad er opptekne av våre motstandarar. Det var vi heller ikkje mot FK Haugesund og Brann. Vi skal spele vårt spel og kose oss med ballen. Lukkast vi ikkje har vi i alle fall prøvd. Så lenge vi ikkje sit der etter kampen og føler at vi ikkje har gjort eit forsøk, så er eg nøgd. Eg blir skuffa om vi ikkje tør, fortel Lars Arne Nilsen.

Og legg til at Hødd må spele sin beste kamp nokon sinne om dei skal vinne. Men om Hødd spelar som i 1. omgang mot FK Haugesund og i 2. omgang mot Brann, så kan det vere godt nok.

Les også:

Aursnes er sjukSkal stoppe toppscorarenTidenes satsing av Vikebladet VestpostenScheie er klarBilete av Hødd-spelarane før i tidaMå gjere som MarionLadar opp heime* Mannen for dei store kampane