Det vil seie den spelaren som scorar flest seriemål for laga frå Hareid og Ulstein – av dei som spelar senior 11-arfotball. Det kan til dømes bli ein damespelar på Hødd, ein herrespelar frå Haddal – eller ein som spelar både a- og b-fotball for Hødd eller Hareid.

I fjor vart Hareids Christer Adrian Mork suveren lokal toppscorar med 19 mål i 6.-divisjon og to i 3.-divisjon, til saman 21 nettsus. Vidare scora Per Ståle Nykrem og Hiwa Alipoor høvesvis 16 og 14 6.-divisjonsmål for Hareid 2, medan Angelica Vattøy scora 14 2.-divisjonsmål for Hødd. Pål André Helland scora ni Adeccoliga-mål for Hødd.

Her kjem toppscorarlista så langt (oppdatert torsdag):

5 mål:

* Christer Adrian Mork, Hareid A (3) + Hareid B (2)

4 mål:

* Kim-Tore Husøy, Hareid A

3 mål:

* Akeem Latifu, Hødd A

* Robin Hjelmeseth, Hødd B

* Nils-Erik Engen, Hødd B

* Thor-Ove Brekke, Hareid A

* Georg Eikrem Olsen, Hareid A

* Tore Romestrand, Hasundgot

* Gunnar Johann Ringstad, Haddal

PS. Ragnhild Ertesvåg er toppscorar for Hødd-damene så langt med to mål, medan Ådne Seljeset har scora Flø sitt eine mål (dei har berre spelt éin kamp).