Hødd og AaFK har sidan tusenårsskiftet alternert på å ha Sunnmøres beste juniorlag. Dei tre føregåande sesongane har Hødd tatt KM-tittelen.

Tysdag møttest laga til prestisjekamp på Høddvoll-kunstgraset. Det gjekk ikkje vegen for Hødd. AaFK leia 2-1 til pause og vann til slutt 4-1. Mats Øvrebotten scora Hødd sitt mål.

Hødd sleppte til ein del debutantar denne kampen. Mange i junioralder har nemleg eit hardt kampprogram for tida. Hødd 2 spelte 3.-divisjonskamp måndag og spelar ny kamp torsdag - nokre timar før Hødd a-lag tek imot Kongsvinger.

Herd leiar junior 1.-divisjon før AaFK og Hødd, som begge har spelt éin kamp færre enn Moa-laget. Tabell.