På sjølvaste juleaftan kom Hødd med meldinga om at cuphelten Andreas Rekdal har skrive under ny kontrakt for klubben. Lengda på kontrakta står det ingenting om.

Rekdal måtte nesten legge opp på grunn av skader, men prøvde i staden å byggje seg opp i moderklubben Larsnes/Gursken i 2012. Etter sommaren vart han henta tilbake til Hødd og i cupfinalen mot Tromsø var det nettopp Rekdal som sette det avgjerande straffesparket.

- Vi er særs nøgde med å få Andreas på plass for neste sesong, og vi har tru på at han går mot ein god sesong, seier sportssjef Andrè Nevstad til hodd.no.