Løypa i Gausdalstempoen gjekk over 24 kilometer.
– Det var ei kupert løype med mykje fart i. Eg kom tidleg opp i fart og klarte å ligge på ein fin terskel gjennom heile løpet, noko som resulterte i ein sterk 15.-plass, fortel Nevstad.
– Betre enn landslagsryttarar
Som ikkje hadde så store forventingar til dette rittet. Men han gjennomførte likevel kanskje sin beste tempo i år.
– Eg vart bestemann på laget og fekk betre tid enn ryttarar som syklar på landslaget, seier Martin Notøy Nevstad.
– Råbra
Også i norgescuprittet i Trondheim leverte han varene.
– Løypa var berre 171 kilometer lang. Men det var mange bakkar og knallhardt heile tida. Vi køyrde ti rundar av ein rundbane på 17.1 kilometer. Alt etter éin runde var det ryttarar som ikkje klarte det knallharde køyret. Det var heller ikkje mange som kom i mål. Laget mitt køyrde råbra denne dagen og tok styringa under rittet på heimebane. Eg følte meg knallsterk og var blant dei første på toppen av alle bakkar. Til slutt vart eg nummer 20 etter ei litt svak avslutning.
Birken neste
Til helga deltek Martin Notøy Nevstad i Birken. Det blir hans første terrengritt i år. Nevstad har fått plass på det norsk-svenske profflaget Unaas Cykling.
– Eg skal køyre saman med sju andre gode ryttarar. Eg trur det kan bli artig, seier Nevstad.