Ei fin grasmatte og fint opphaldvêr la til rette for ein bra fotballdag på Høddvoll torsdag kveld, men underhaldninga let vente på seg.

I det første kvarteret var det særs lite som skjedde, men eit sjølvmål frå Ranheims kaptein, Are Tronseth, i det 18. speleminuttet blåste liv i kampen.

Ranheim svara like etter, før Akeem Latifu sende Hødd nok ein gong i føringa tre minutt før pause.

I andre omgang skåra gjestane to gongar ved Jo Sondre Aas og Bendik bye, som sikra poenga for serieleiarane. Hødd står difor med to strake tap i serien.

Ti mann

- Vi er sjølvsagt ikkje fornøgde når vi ikkje vinn. Det var ikkje nokon god kamp, så Ranheim vinn fortent, sa ein skuffa Lars Arne Nilsen etter kampen.

Hødd-trenaren meiner at dei hadde grei kontroll på 2-1, men at dei vart hardt straffa då dei vart mellombels reduserte til ti mann.

- Når Sivert blir skada så får dei 2-2 medan vi er ti mann, så vi er litt uheldige som får den i mot. Vi må berre nullstille oss og kome i gang igjen så fort som mogleg, seier Nilsen.

Mangla nivået

Kaptein Jesper Törnqvist var tydeleg prega av tapet og innrømmer at det laget presterte mot Ranheim var langt frå godt nok.

- Nei, vi er ikkje heilt der vi skal vere i dag. Av og til verka litt nonchalante og det held ikkje på dette nivået her. Då blir vi straffa, seier han bestemt.

- Kan den gode forma dykkar i det siste ha påverka laget?

- Det kan hende, men det skal ikkje vere slik. Vi ønsker å vere der oppe heile tida, så vi må setje oss ned og tenkje over kva det var som gjorde at det gjekk slik det gjekk.

- Ikkje snakk om motgang

Hødd har hatt ein dårleg statistikk mot Bodø/Glimt, medan Ranheim så langt har imponert i Adeccoligaen. Nilsen er derfor ikkje altfor nedslått over at laget har tapt dei to siste kampane.

- Det er to topplag det er snakk om. Glimt har vi aldri slått borte, medan Ranheim er eit lag som ligg heilt oppe i toppen, så det er ikkje snakk om motgang for vår del.

- Så det er to greie tap mot antatt betre lag?

- Det kan du vel seie, men på heimebane skal vi kunne klare å matche dei beste. Så dette er den svakaste kampen så langt i år, konkluderer Nilsen.