Fredrik Aursnes spelte frå start for det norske U21-landslaget då dei spelte sin andre privatlandskamp på ei veke, denne gongen borte mot Irland. Aursnes var også involvert i tapet for Polen før helga.

Tysdag kveld spelte Norge 0-0 mot Irland på Waterford Regional Sports Centre. Ifølgje landslagssjefen for U21-landslaget, Leif Gunnar Smerud, var Norge det førande laget, men klarte ikkje å bryte ned eit defensivt Irland.

Norge: Per Kristian Bråtveit (Sondre Løvseth Rossbach fra 46) - Kristoffer Haraldseid, Jonas Grønner, Ulrik Yttergård Jenssen, Thomas Grøgaard - Anders Trondsen (Morten Ågnes Konradsen fra 60), Fredrik Aursnes (Martin Rønning Ovenstad fra 46), Petter Strand, Eirik Hestad (Ghayas Zahid fra 60)- Iver Fossum, Alexander Sørloth (Morten Thorsby fra 69)