Sandal fekk blomar og æresmedlemskap i supporterklubben Blåsarane overrekt av leiar Marco Dimmen. Han fekk også eit bilete frå cupfinalen overrekt av styreleiar i Hødd, Bård Dalen, med litt statistikk og tekst frå ei lang Hødd-karriere skrive på baksida. Han fekk med seg heile 341 A-lagskampar og scora 97 mål.

- Det var veldig rart. Det gjekk på ein måte opp for meg at eg ikkje skal spele meir på Høddvoll. Sjølv om det er ei stund sidan eg fekk beskjeden om at eg var ferdig i klubben, var det rart å kjenne på. Det prikkar i kroppen etter å spele igjen, men no blir det på ein annan arena.

Klar for Skavøypoll IL

For no flyttar Erik, sambuaren Lone og sonen Brian snart heimover til «Polljen» igjen, og her er han allereie klar for barndomsklubben Skavøypoll IL. Det er mange i lokalsamfunnet i Deknepollen som no jublar over at ein av bygdas store søner vender tilbake.

- Eg har signert og spelt treningskampar med dei. Det blir ei spanande tid framover, seier Erik med eit smil.

For nokre månadar sidan fekk Erik Sandal den tunge beskjeden om at han ikkje ville få fornya kontrakt med Hødd. Hødd-legenda har opplevd mykje med dei blåkvite, mellom anna det sensasjonelle cupgullet i 2012. I pausen i kampen mellom Hødd og Bryne blei han heilt fortent heidra av klubben for sin utrøyttelege innsats og sitt store bidrag gjennom 11 sesongar.

– Det var ei veldig fin tid i Hødd. No ser eg fram til nye eventyr, seier Sandal.