Hareid IL Fotball stadfestar måndag på sine nettsider at trenar Stig Monsen har takka nei til vidare engasjement i klubben. Monsen, som tidlegare har vore trenar både i Hødd, Rollon og Langevåg før han vart klar som Hareid-trenar før 2015-sesongen.

- Hareid IL Fotball ønskjer å takke Stig så mykje for innsatsen. Sportsleg leverte laget ein ujamn sesong i år. Men Stig har gjort ein bra jobb. Og ikkje minst har han også vore ein veldig grei kar å ha med å gjere. Stig kjem definitivt til å bli sakna i miljøet. Takk for innsatsen, Stig! skriv Hareid IL Fotball på sine nettsider.

Etter ei svært lovande oppkøyring til 2015-sesongen har det variert meir i seriespelet for Hareid under Monsen. Til slutt enda laget på ein 10.-plass i årets 4.-divisjon.

Monsen si kontrakt med Hareid gjekk ut 31. oktober og no må klubben ut på trenarjakt framom 2016-sesongen.