Det har vore ei innhaldsrik veke for Sindre Eid. Tysdag gav han beskjed om at han ikkje takkar ja til å halde fram som trenar i Hødd etter sesongen, og sundag leia han laget til tre poeng borte mot Brann i Bergen. Til tre poeng som sikrar kvalifiseringskamp heime mot Jerv komande sundag.

- Det er akutt glede og ein heil del lettelse, seier Eid om reaksjonen etter at dommaren bles av kampen på stillinga 2-1 til Hødd.

- Eg har sagt i heile år at det kunne skilje eitt poeng frå 4.- til 7.-plassen og det blei jo også fasiten til slutt. Hadde vi enda på 7. så hadde det vore skuffande og ein dårleg sesong, men med sigeren i dag så er vi oppe på 4. Så tett og så jamt er det i denne divisjonen, men eg synest at vi har fortent den plasseringa som vi ender på, fortel Eid.

Og medan det var tett om plassane som gav kvalifisering, var det endå tettare i andre enden av tabellen, der fleire lag byta på trygg plass og nedrykksplass gjennom heile ettermiddagen.

- Eg har vore med veldig lenge i Hødd, og har vore med på å spele kampar der det står om vidare liv i divisjonen. Vi slapp i det minste å ligge i ein posisjon der vi måtte kjempe om plassen, men dersom vi hadde tapt i dag så hadde vi vore utanfor kvalifiseringsplassane for første gong denne sesongen. Det ville vore dårleg timing, slår Eid fast.

I staden for å kjempe på nedre del av tabellen har Hødd no sikra seg kvalifiseringsplass, på same måte som i 2013 då laget tok 3.-plassen i 1.-divisjon.

- No har vi eit skadefritt mannskap, vi ser at vi er i form og må berre gje full gass framover. Vi har ingenting å tape og vil gå inn mot helga med masse trykk og entusiasme.

På same måte som Eirik Ulland Andersen håpar Eid at publikum no strøymer til nye Høddvoll for å støtte laget i det som blir ein svært spanande kamp mot Jerv.

- Eg håpar publikum møter opp på Høddvoll og støttar gutane i 90 minutt på sundag. Ein ser kor mykje det betyr for oss i dag når vi har 4-500 supporterar som er her og støttar oss fram til siger. No er det rock & roll her, så no er det berre å kome på Høddvoll til helga, seier Eid medan jubelen nærmar seg bristepunktet i bortegarderoben på Brann stadion.