Foto: arkiv

Det er Hødd Fotball som melder dette. Om meldinga er eit teikn på at Myklebust nærmar seg ein avtale med Hødd, er ikkje sagt. Men Hødd håper å få han med sørover.

Løv-Ham-spelaren Øystein Aksnes kjem til Ulsteinvik onsdag. Han kan også vere aktuell til Sogndal-kampen. Aksnes er 21 år gamal og vart henta til Løv-Ham frå Arna-Bjørnar i januar i fjor. Hødd-trenar Nilsen omtalar Aksnes som ein treningsvillig og framstormande kar med eit stort potensiale. Han kan spele i dei fleste offensive posisjonar.

Sivert Heltne Nilsen og Erik Sandal er nyleg tilbake frå skadar, men vil truleg få seg ein omgang kvar i Sognahallen.

Martin Haanes, Christian Mork og Eirik Heltne blir definitivt ikkje med på grunn av skadar. Heller ikkje Fredrik Klock spelar, men han trenar for fullt og er nok klar for kamp om eit par veker.