Begge lag har opna sesongen godt. Hareid ligg på 3.-plass trass ein kamp mindre spelt enn dei fleste laga.

Men i dag må Hareid klare seg utan Kim-Tore Husøy (karantene). Kaptein Tore Johan Ytre-Hauge skal teste seg i ettermiddag, men står mest truleg over grunna ein ankelskade. Det betyr at Joachim Moldskred og Jørund Widnes Johansen er den mest aktuelle midtbaneduoen.

Sist Hareid slo Hødd 2 i seriekamp var i august 2006. Sidan har Hødd 2 vunne fem av seks oppgjer mot Hareid, det siste enda uavgjort. Hødd 2 kan stille eit veldig godt lag i dag om dei vil, og blir klare favorittar denne kampen.

Hareid melder elles at Per Ståle Nykrem har bestemt seg for å satse vidare. Førre veke varsla han nedtrapping og overgang til Tjørvåg, men massivt press, mellom anna ei eiga facebook-gruppe med 150 medlemmar, har fått han til å snu.