Det har vore ein dag med mykje vêr under NM på Byrkjelo laurdag. Før finalane på 400 meter for kvinner og menn var det både kraftig regn og vind, noko som mellom anna førte til eit par straumbrot som forseinka finalane.

Då det var Karsten Warholm sin tur var det likevel liten tvil. Mike Lubsen sprang rett nok bra frå start, men Warholm hadde god kontroll og storma i mål om lag sekundet framom Lubsen.

Vinnartida til Warholm var 47,32.