- Deilig! gliste matchvinnar Stavseng etter at sigeren var eit faktum. Etter at Nardo utlikna til 1-1 i det 85. minutt såg det ut som at Hødd måtte ta til takke med eitt poeng. Det ville derimot ikkje midstoppar Stavseng ha noko av. I sluttminutta vart den lufsterke ålesundaren flytta opp i angrep – og Hødd valgte å gamble på tre mann i forsvar. - Det var i grenseland å berre ha tre mann der bak, med tanke på at også Nardo hadde tre mann i angrep. Men heldigvis lykkast vi med taktikken, kommenterte Hødd-trenar Lars Arne Nilsen. Hødd sin hovudtrenar var ikkje nøgd med det laget hans leverte mot trønderlaget. Nilsen fann fleire ting å sette fingeren på – særleg spelemessig. - Vi får ikkje til spelet vårt, og vi har for høge skuldrar. Totalt sett vinn vi likevel fortent, konstaterte Nilsen. Nardo gjorde det vanskeleg for Hødd i dagens kamp. Laget frå Trondheim var kompakte i forsvar og slapp sjeldan til Hødd i angrep. Det gjekk ein halvtime før heimelaget fekk sin første store sjanse – som til gjengjeld var gedigen. Vegard Heltne og Oddbjørn Lie kombinerte fint på venstresida og sistnemnte slo inn mot bakre stolpe. Der kom Kazeem Ahmed løpande og skaut ballen himmelhøgt over – for ope mål. Før dette hadde Vebjørn Skeide varta opp med ei feberredning på ei heading frå Thomas Klausen. Kazeem fekk ytterleggare ein stor sjanse til å sende Hødd opp i leiinga på ein retur frå keeper etter eit Joachim Magnussen skot, men nigerianaren klarte ikkje å overliste Nardo-målvakta – som gjorde to klasseredningar på rappen ved det høvet. Andre omgang vart innleia med eit godt trykk frå Hødd. Og nok ein gong var det Kazeem som fekk ein stor sjanse, og igjen var han framme på ein retur. Denne gongen var det etter skot frå Andreas Rekdal. Etter dette gjekk Hødd inn i ei svakare periode. Ironisk nok, var det då Hødd tok leiinga. I det 67. minutt curla Innbyttar Anders Vaagen ballen fint i lengste stolpe frå 16 meter. Og no såg det ut til at Hødd hadde god kontroll. Men rett før slutt utlikna Nardos Morten Berg på eit skot som i lengste hjørne. Eit skuffa heimepublikum fekk sjå eit Hødd-lag som ikkje ville gi seg. Og 4 minutt før slutt fekk dei betalt for arbeidet. Innbyttar Andreas Sørgård Olsen fyrte av frå 20 meter. Skotet hans gjekk via Stavseng , og i mål - til stor jubel for dei 644 oppmøtte. Etter kollapsen mot Kristiansund forrige helg - la ikkje Hødd-laget skjul på at dagens siger var ekstra viktig - Det var veldig viktig å reise oss kjapt etter den fadesen, kommenterte trenar Nilsen. Les meir om kampen i papirutgåva tirsdag. Kampfakta: 2.divisjon, avdeling 2. 03.05.09: Høddvol Hødd - Nardo 2-1 Mål: 1-0 Anders Vaagen (66), 1-1 Morten Berg (85), 2-1 Finn Erik Stavseng (90) Dommar: Even Myrheim, Herd Tilskodarar: 644 Hødd (4-3-3): Vebjørn Skeide – Ulrik Wingsternes, Fredrik Klock, Finn Erik Stavseng, Oddbjørn Lie – Helge Edinsen, Andreas Rekdal, Erik Sandal – Kazeem, Joachim Magnussen, Vegard Heltne. Inn: Anders Vaagen for Heltne (60), Andreas Sørgård Olsen for Kazeem (78). *** Vebjørn Skeide, ** Joachim Magnussen, * Fredrik Klock