Det er adressa.no som melder om IFK Göteborg si interesse for Pål André Helland.
Den svenske toppklubben skal ha lagt inn eit bod som Hødd har avslått, hevdar dei.
Sportssjef André Nevstad bekreftar at det er ekstern interesse for Helland, men vil ikkje kommentere enkeltklubbar. Heller ikkje Håkan Mild i IFK er svært snakkesalig.
- Det er sjeldan ein så stor klubb er interessert i ein spelar frå 1.-divisjon i Norge. Det er eg smigra over, og det tyder på at eg har gjort noko rett sidan den turbulente tida i Rosenborg og Ranheim, seier Helland til adressa.no.