Hødd har eit heilt ok utgangspunkt etter første kvalikkampen mot Surnadal. Det enda til slutt 1–1 i haustsola på Høddvoll, men heimelaget gjorde det vanskeleg for seg sjølve frå start.

Bortelaget var aggressive i opninga og Hødd såg ut til å vere nervøse i inngangen til den viktige kampen. Det blei for mange balltap, for lite spel og mange langballar utan mål og meining.

Bortelaget fekk også servert to av sine beste moglegheiter i den første omgangen frå Hødd. Allereie etter tre minutt heldt det på å gå gale for dei blåkvite, då eit tilbakespel til keeper vart slått med for altfor lite kraft. Heldigvis for heimelaget var Gro Elise Aksnes i Hødd-målet på frå start og ho kom seg i posisjon til å få klarert før angriparen.

Overraska frå langt hald

Den første halvtimen sleit Hødd med å få skikkeleg tak i kampen, men inn mot pausen betra dette seg, ballen kom meir ned på bakken og det byrja å verte noko meir rytme i spelet. Dei store sjansane var det ikkje så mange av, men det var heller ikkje nødvendig, for Hødd tok leiinga etter 37 minutt.

Hødd fekk frispark i det som såg ut til å vere ein god innleggsposisjon, rett i underkant av 30 meter frå mål. Andrine Nevstad skritta opp, men i staden for å slå inn så banka ho ballen mot mål og den sneik seg like under tverrliggjaren. Keeper fekk nokre fingrar på ballen, men klarte ikkje å halde den ute og Hødd gjekk opp i 1–0.

Men var det skot, eller var det eit innleggsforsøk?

– Det var skot! Eg hadde tenkt å legge inn, men ombestemte meg i siste sekund. Eg var fornøgd med den, fortel Nevstad.

Hødd heldt leiinga til pausen og var også nære ved å doble tidleg i den andre omgangen, då innbytar Ine Sleipnes nådde eit innlegg frå Anna Nygård Thunem, men ballen sklei av foten på angriparen og gjekk godt til side for mål.

I staden heldt det på å gå gale i andre enden. Etter ein glepp i forsvaret kom ein Surnadal-spelar gjennom åleine med keeper. Gro-Elise Aksnes var likevel lenge i det umoglege hjørnet og venta tolmodig på skotet, som ho fekk blokkert på meisterleg vis.

20 minutt før slutt klarte ikkje Hødd å halde tett lenger. Thea Holten vart spelt gjennom i Hødd sin 16-meter og denne gongen klarte ikkje Aksnes å stoppe avslutninga. 1–1 scoringa var nok fortent, men for Hødd var det surt å gje frå seg leiinga.

Slurvete baklengsmål

No ventar eit tøft oppgjer på bortebane om ei veke, men sjølv om det berre blei uavgjort på Høddvoll, så bør Hødd ha brukbare sjansar også i den andre kampen.

– Vi hadde håpa å halde heilt inn, men vi slepper inn eit litt slurvete mål på slutten der. Det blei nok litt for slitne bein mot slutten, fortel Andrine Nevstad.

Ho fortel at det ofte har teke litt tid for Hødd å få skikkeleg tak i kampane, slik det også var i starten mot Surnadal/Søya/Todal.

– Det er noko vi jobbar med å bli betre på, fortel ho.

Det hadde sjølvsagt vore betre å kunne ta med seg leiinga til andre kamp i kvalifiseringa, og Hødd må nok opp eitt par hakk frå dagens kamp.

– Vi må heve oss og i tillegg så må vi halde heile kampen. Då trur eg vi klarar det, men utover i andreomgangen i dag så datt vi for mykje saman og vi må klare å springe meir gjennom heile kampen, trur Nevstad.

Ole Per Kragset meiner Hødd ikkje var godt nok førebudde på fysikken til motstandarane.

– Det var litt nervøst frå start og dei er mykje meir fysiske enn oss. 1–1 kan vi likevel leve med og vi har alle moglegheiter der oppe.

Men skal Hødd få til noko, så må ta tak i kampen på ein annan måte.

– Vi må tore å spele ballen og gjere ting enkelt. Vi må prøve å unngå at det blir for mange duellar, men heller sleppe ballen tidlegare og springe oss fri. Det er slik vi må spele fotball, fortel Kragset.

Hødd - Surnadal/Søya/Todal 1 - 1 (1-0)

Høddvoll, ca. 150 tilskodarar.

Dommar: Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen FK

Mål: 1-0 Andrine Nevstad (37), 1-1 Thea Holten (70)

Hødd_ Gro-Elise Aksnes - Madelen Gustavsen (Merethe Molvær Terøy), Vilde Sundal, Hanna Rekdal, Susann Brandal Kragset - Marte Aarsand Vik (Kethleen Lorenzo Alstadsæter), Andrine Nevstad, Therese Hareide Holstad, Ellen Nerland Aahjem (Ine Sleipnes) - Anna Nygård Thunem (Oline Marø Sundot), Pia Notanes Brandal .