Onsdag kveld var Hødd i aksjon heime mot FK Sykkylven til det som kunne bli ein avgjerande kamp i 3.-divisjon. Med siger kunne Hødd sikre opprykkskvalifisering, avhengig av resultatet i Ravn – Blindheim, som også gjekk onsdag.

Men det var bortelaget som heldt på å gje Hødd ein skikkeleg marerittstart. Allereie etter 20 sekund rulla spelte dei seg til ei fin avslutningsmoglegheit, men skuddet frå om lag 15 meter gjekk over målet til Gro Elise Aksnes.

Hødd ville også vere med på leiken i starten og det tok ikkje meir enn halvanna minutt før Marte Aarsand Vik fekk Hødd sin første sjanse. Anna Nygård Thunem nådde ikkje ballen på første stolpe, men på bakarste kom Vik og fekk avslutta frå god posisjon, men ikkje godt nok til å overliste keeper.

Store sjansar

Opninga på kampen var temmeleg jamn, og laga byta på å ha ballen. Det var likevel heimelaget som var farlegast då dei gjekk i angrep, og som skapte flest moglegheiter.

Etter 23 minutt tok dei også leiinga ved Pia Notanes Brandal. Ellen Nerland Aahjem gjorde ein fantastisk innsats på venstresida, der ho kom seg til linja og fekk slått eit flatt innlegg framom mål. Notanes Brandal fekk ikkje kjempetreff på ballen, men det var nok til at den trilla inn i lengste hjørnet til 1-0.

Og Hødd burde ha leia med meir enn eitt mål til pause. For både Pia Notanes Brandal og Anna Nygård Thunem vart spelt gjennom på kvar sine kjempesjansar rett før og etter halvtimen. Begge kom åleine med keeper, men i begge tilfella vart avslutningane litt for svake og keeper fekk avverja.

Anna Nygård Thunem var også nære nokre minutt seinare, no på ein mindre opplagt sjanse, men igjen var keeper på rett plass for å ta seg av skuddet.

Også Andrine Nevstad og Ellen Nerland Aahjem hadde bra forsøk mot slutten av den første omgangen, men dessverre for heimelaget klarte dei ikkje å få inn meir enn det eine målet før pause.

Meir effektive i andre

Dermed 1-0 då laga tok til på den andre omgangen, og som i slutten av den første tok Hødd verkeleg tak i kampen. Duoen på topp med Pia Notanes Brandal og Anna Nygård Thunem kombinerte fint og heldt på å få ein stor sjanse allereie i første minuttet, men avslutninga frå god posisjon gjekk utanfor.

Så skulle det endeleg losne. Therese Holstad tok seg fram på høgresida og fekk slått inn framom mål. Det lukta Nygård Thunem, som stakk fram ein fot, fekk kontroll over ballen i tøff duell med ein forsvarar og løfta ballen over keeper til 2-0. Ei svært fortent scoring etter dei mange Hødd-sjansane.

No måtte FK Sykkylven fram, men det opna også store rom bakover. Det heldt Hødd på å straffe då spissduoen sette på turboen mot eit ryggande forsvar etter 58 minutt. Pasninga frå Nygård Thunem til Notanes Brandal kom sekundet for seint, og sistnemnte vart difor blåst av for ein knapp offside.

Etter 66 minutt var kaptein Therese Holstad nære ved å sette inn heimelaget sitt tredje på eit godt skudd frå hjørnet av 16-meteren, men keeper fekk nokre fingrar på ballen som dermed gjekk til corner.

Og FK Sykkylven kunne takke keeperen sin for at Hødd ikkje hadde scora meir på dette tidspunktet, men til slutt klarte heller ikkje ho å halde  bortelaget inne i kampen. Hødd rulla opp eit nytt fint angrep før ballen vart slått inn framom mål der Pia Notanes Brandal kunne putte sitt andre og Hødd sitt tredje for kvelden. 20 minutt før slutt hadde Hødd dermed svært god kontroll på dei tre poenga.

Innbytarane melder seg på

Hødd gjorde nokre byter utover i den andre omgangen, utan at dei vart mindre farlege av den grunn. Ine Sleipnes hadde eit par halvsjansar, før Oline Marø Sundgot vart spelt gjennom midt framom mål. Ho utnytta sin første sjanse på ypparleg vis og løfta ballen opp i lengste hjørnet til 4-0.

Sleipnes var også svært nære å teikne seg på scoringslista etter 86 minutt, men først sette ho avslutninga rett på keeper, før returen banka over mål. Den lynkjappe angriparen var også frampå to minutt før slutt, men skuddet frå spiss vinkel vart igjen stoppa av keeper.

Det enda til slutt med 4-0 og dermed ein solid siger for Hødd.

Ravn vann også sin kamp mot Blindheim, og dermed blir alt avgjort først i siste serierunde. Der møter Hødd Brattvåg borte. Hødd har to poeng å gå på ned til Ravn, og kan klare seg med uavgjort i siste runde, men Hødd bør også ha gode moglegheiter til å ta tre poeng i Haram.

Ravn avsluttar med heimekamp mot HaNo.

- Måtte vere tolmodige

Hødd-trenar Ole Per Kragset var fornøgd med det laget leverte, sjølv om det tok litt tid før laget skrudde på effektiviteten.

- Eg synest vi var gode, spesielt utover i andreomgangen. Vi måtte vere tolmodige, men det synest eg også vi var og klarte å bryte dei ned endå meir etter pause, då vi også fekk litt meir plass. Då var det stor forskjell på laga.

Resultatet kunne nok vore endå meir komfortabelt for Hødd, men 4-0 er uansett eit bra resultat.

- Vi kunne hatt fleire før pause, men slik er fotballen. Vi har hatt litt dårleg utteljing denne seongen, men når måla kjem så er det fine scoringar, fortel Kragset.

Han kunne også gle seg over at innbytarane viste at dei vil ha eit ord med i laget om ein startplass.

- Dei vil vise seg fram, og det er akkurat slik det skal vere. Ein skal vere spelesugen og kome inn for å vise at dei også kunne ha starta. Vi har ei fin spelargruppe, og no har vi også fått med Ine Sleipnes og Oline Marø Sundgot, som har vore litt småskadde og småsjuke. No er dei friske og kan bidra og det er veldig bra for oss.

Før sesongen sa Kragset at Hødd måtte prøve å gå for eit opprykk. No kan laget klare kvalifisering med eitt poeng borte mot Brattvåg.

- Vi reiser til Brattvåg for å vinne kampen, slår Kragset fast.

Hødd - FK Sykkylven 4-0 (1-0)

Målscorarar: Pia Notanes Brandal x2, Anna Nygård Thunem, Oline Marø Sundgot.

Hødd: Gro Elise Aksnes – Madelen Gustavsen, Susann Brandal Kragset, Vilde Sundnes Sundal, Hanna Rekdal – Ellen Nerland Aahjem, Marte Aarsand Vik, Andrine Nevstad, Therese Hareide Holstad – Anna Nygård Thunem, Pia Notanes Brandal.

Innbytarar: Merete Molvær Terøy, Ine Sleipnes, Lene Mari Våge Myklebust, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Rogne Knardal