Først ut er Hødds G16-lag. Motstandaren deira er Nardo frå Trøndelag.

Skulle Hødd ta seg vidare i cupen kan dei bli det einaste laget frå Sunnmøre som er att i cupen, avhengig om AaFK slår Sunndal i kampen sin.

I første runde tok Hødd seg vidare etter ein knipen 1-0-siger over Clausenengen.

Kamp nummer to er Hødds juniorlag, som skal bryne seg mot fylkesrivalen Molde FK.

Romsdalingane tok seg enkelt vidare etter ein solid 8-1-siger i første runde, medan Hødd slo Stranda 2-1 på utebane.

Begge kampane på søndag blir spelt på Høddvoll kunstgras.