– Men eg har heller ikkje høyrt noko frå Hødd. Utgangspunktet mitt er at eg blir i Kongsvinger ut kontraktsperioden, det vil seie i to år til. Eg trur nok eg blir her, seier Myklebust til Vikebladet Vestposten.

Den no 27 år gamle spissen frå Gursken slo gjennom på Hødd sitt a-lag i 2002. Den kjappe ungfolen danna då ein svært farleg spissduo saman med Geir Televik.

NM-gull

To år seinare scora han 16 seriemål for blåtrøyene. Ferda gjekk vidare til Lillestrøm, der Myklebust fekk med seg eit NM-gull i 2007. I 2010 gjekk han til Odd Grenland og spelte der i to år. Vinteren som var gjekk Myklebust vidare til Adeccoliga-klubben Kongsvinger, som hadde store ambisjonar under trenaren Tom Nordlie. Men økonomiske problem øydela for klubbens opprykkssjansar, og fleire gonger har Kongsvinger stått i fare for å gå konkurs.

– Håper dei har lært

Klubben er no rekna for å vere noko lunde berga økonomisk. Til neste år blir laget trena av Stian Aasen, hjelpetrenar i 2012.

– Situasjonen har naturleg nok ikkje vore spesielt bra. Det er ikkje kjekt å gå rundt og vente på om og når eg får lønn. Men no er klubben redda, og eg håper dei har lært av det som har skjedd. Sjølv om eg også trudde dei hadde gjort det før eg kom til klubben. Det skal bli spennande å sjå korleis vi gjer det under Stian Aasen. Det einaste eg veit så langt er at vi skal spele i 1.-divisjon. Så får vi ta resten derifrå, seier Magnus Myklebust.

– Du gjorde sjølv ein OK sesong i Kongsvinger?

– Eg starta treigt, men kom til slutt opp i sju scoringar. Eg vart nytta som kantspelar i 4-3-3. Så får vi sjå kvar eg får spele under den nye trenaren.

Heim i dag

Myklebust ønskjer å spele fotball til han er 40 år. Men sidan slikt er vanskeleg å spå studerer han marknadsføring på nett i tillegg til å vere KIL-spelar. I dag (torsdag) reiser han heim til Sande på ferie.

Kanskje noko for Hødd å registrere?