Grunnauvisse om divisjonsstatus og ein cupfinale opp på det heile er det mykjeplanlegging å ta igjen for Hødd-leiinga. Men no begynner vi å sjå konturane avoppkøyringa til den spennande 2013-sesongen.
Usikre på storturnering
– Vi driv og diskuterer det. I utgangspunktethøyrest ei deltaking der veldig interessant ut, men vi har ikkje tatt stillingenno. Copa del Sol er lagt opp i høve Tippeliga-sesongen, og for oss kjem detlitt tidleg på. Eg er også usikker på om vi får møte dei beste laga. Når detblir tre-fire kampar i løpet av ti dagar er faren stor for at motstandaranestiller med toarlaga sine mot oss, sidan vi er det svakaste laget på papiret,seier Lars Arne Nilsen.
Til Tyrkia?
Det kan hende Hødd gjer som dei siste sesonganeog reiser til Tyrkia på treningsleir i februar i staden for å delta i Copa delSol. Det vil i så tilfelle passa betre opp mot resten av oppkøyringa. Andreveka i mars reiser Hødd på den tradisjonsrike kampleiren på La Manga, der toAdeccoliga-konkurrentar står på motsett banehalvdel (i fjor HamKam og Bryne).Seriestart er sett til 7. april.